Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dei neste åra er det mange vitskapeleg tilsette som vert pensjonistar. Fredag skal neste generasjon debattera: Korleis ser akademia ut i 2020? Korleis skal ein få rekruttert dei beste? Og vil samfunnsoppdraget endra seg?
– Endå fleire av forskingskronene kjem til å vera basert på konkurranse, trur Sigrunn Eliassen. Ho ser fram mot 2020. Det skal ho gjera i morgon òg, då er Eliassen ein av fem unge forskarar i panelet under debatten med tittelen «Akademia anno 2020 – unge forskere retter blikket fremover». Ser samfunnsoppdraget annleis ut då? Korleis ser undervisningsformene ut? Korleis kan ein få betre kjønnsbalanse i vitskapelege stillingar? Dette er nokre av problemstillingane som skal verta drøfta. – Kortsiktig forsking er dårlegare – Det er eit stort hol å fylla, og kunnskap er ikkje komponentar som lett kan byttast ut, meiner Jørn Jacobsen. 35-åringen er professor ved Det juridiske fakultetet. Han meiner rekruttering er ei stor utfordring, og at ein må gjera universitetet til eit attraktivt karriereløp. – Eg trur at for å få rekruttert dei beste, må ein ha meir langsiktige ordningar enn ein har i dag. Kortsiktig forsking er ofte dårlegare, seier Eliassen. 40-åringen er tilsett som forskar ved Institutt for biologi, men har ikkje fast stilling. Ønskjer innstegsstillingar – Dersom unge forskarar får ERC-midlar, til dømes starting grants, meiner eg at UiB må visa at intensjonen er å satsa på ein. I prinsippet kan ein ta med seg EU-pengane og forska kor som helst – det er eit personleg stipend, seier Eliassen. Ho støttar ordninga om såkalla innstegsstillingar. Dette er noko rektorane ved både UiB og UiO har teke til orde for. Desse stillingane er tenkt for forskarar som er mellom postdok og fast stilling, og liknar «tenure track» som ein kjenner frå USA. Der har ein eit sju år langt løp med ei vurdering i enden. Fyller ein krava, får ein fast jobb. – Gjennom ei slik ordning signaliserer universitetet at dersom du gjer jobben din, vil dei satsa på deg. Dette vil òg vera positivt for å få fleire kvinner inn i vitskapelege stillingar. Kvinner får framleis gjerne familie tidlegare enn menn. Det kan vera vanskeleg å kombinera familie med det usikre forskarlivet, seier Eliassen. – Må verta god som ung Han fekk stipend frå BFS med professortittel i enden. – Ein må ha gode innslusingsordningar. Men desse løpa er viktige for å gjera forskaren god i ung alder – om ikkje vert god når ein er ung, så vert ein det gjerne heller ikkje seinare, seier Jacobsen. Fakultetet hans er eit av dei som har hard konkurranse frå næringslivet. Men Jakobsen meiner at dersom ein ønskjer å verta verande i akademia, er det ikkje pengane som er avgjerande. – Men for småbarnsforeldre er tryggleik viktig. Eg tenkjer at langtidsprosjekt kan vera særleg attraktive for kvinner. Ein møter framleis konkurranse frå kulturar der ein må velja mellom karriere og familie. Eg trur at akademia tener på å legga til rette for å kombinera – at ein kan kombinere karriereløp med famlieliv her kan verte eit viktig konkurransefortrinn for UiB, meiner Jacobsen. Vil passa på grunnforskinga – Forsking er ein langsiktig prosess, og den prosessen må me respektera. Men me har eit aukande tempo og kompleksitet i samfunnsspørsmål – kanskje må me tenka på at me òg utviklar den intellektuelle omstillingsevna vår som forskarar, seier Jacobsen. Både han og Eliassen er opptekne av at grunnforskinga òg må ha plass. – Det er eit press i retning av at ein ønskjer kunnskap som kan nyttast her og no. Eg trur me må passa på grunnforskinga, og finna den rette balansen mellom desse disiplinane. Her må me klara å kommunisera at det i mange tilfelle er nettopp grunnforskinga som leverer dei verkeleg «produktive» og utviklande innsiktene. Me må unngå ein kunstig dikotomi her, det taper grunnforskinga på, seier Jacobsen. Olsen leiar debatten – Føler ein press når ein er plukka ut som representantar for den nye generasjonen? – Ja, eg kjenner på eit slags press, eller kanskje det meir er ei sterk tilknytting. Når ein vert involvert og eksponert veks tilknyttinga . Ein bryr seg om institusjonen. Det ser eg på som ein ressurs – det er viktig å synleggjera UiB som noko me bryr oss om. Eg føler nok eit engasjement meir enn eit press, seier Jacobsen. Framsidefoto: Professor Jan Nordbotten, som òg er med på debatten i morgon. Arkivfoto: Olav Røli
I dag er 20 prosent av professorane ved UiB over 65 år. Det betyr at i løpet av dei næraste åra vil dei gå over til å verta pensjonistar. Tilbake står ein ny generasjon.
Eliassen har tidlegare site i universitetsstyret, og tok då til orde for at ein bør ha ei liknande ordning for dei som får midlar frå EU sitt forskingsråd (ERC) som for dei som får stipend frå Bergens forskningsstiftelse (BFS).
– Eg er generelt positiv til både innstegsstillingar og til BFS, seier Jacobsen.
– Stadig meir av velferda vår byggjer på kunnskap. Det er store spørsmål innan både helse, klima og miljø, og eg trur ein må jobba meir tverrfagleg enn tidlegare for å finna svar på desse. Det kan vera utfordrande, trur Eliassen.
Rettsvitaren og biologen skal debattera med samfunnsvitaren Elisabeth Ivarsflaten og matematikaren Jan Nordbotten frå UiB og med lingvisten Terje Lohndal frå NTNU. Debattleiar er dekan Dag Rune Olsen.