Nobelpris for studiar av fargekraft

Publisert

Årets Nobelpris i fysikk går til amerikanarane David J. Gross, H. David Politzer og Frank Wilczek for oppdaginga av asymptotisk fridom i teorien om den sterke krafta, også kalla fargekrafta. Oppdaginga blir rekna som eit steg på vegen mot ein ”teori for alt”.

Fargekrafta verkar mellom kvarkar, som protona og nøytrona i atomkjernen er samansett av. Saman med den elektromagnetisk krafta og den såkalla svake krafta, utgjer fargekrafta den fysiske standardmodellen. I meldinga frå Det svenske vitskapsakademiet heiter det at årets nobelprisvinnarar har teke fysikken eit steg nærare draumen om ein samla teori som også inkluderer gravitasjonskrafta – ein ”theory of everything”.

Kvarkar har, i tillegg til elektrisk ladning, ei såkalla fargeladning. I 1973 publiserte dei tre vinnarane artiklar der dei viste at fargeladningen blir svakare di nærare kvarkane kjem kvarandre, på same måte som krafta i ein gummistrikk er svakare når strikken er slakk enn når han er stram. Det same skjer ved høge energiar. Det er dette som blir kalla asymptotisk fridom. Oppdaginga gav ei teoretisk forklaring på kvifor eksperiment viste at byggesteinane i proton oppfører seg som frie partiklar ved høge energiar.

Omvendt aukar den sterke krafta med avstanden mellom kvarkane, og ein kvark kan difor ikkje eksistere utanfor atomkjernen. Også dette var i tråd med eksperimentelle funn. For første gong fekk fysikarane ein teori som høvde overeins med resultat frå kollisjonseksperiment, og som endra på våre førestillingar om korleis naturkreftene fungerer.

David J. Gross er professor ved Kavli Institute for Theoretical Physics vdd University of California. H. David Politzer er professor ved California Institute of Technology, og Frank Wilczek er professor ved Massachusetts Institute of Technology.

Powered by Labrador CMS