Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det var på tide at Bob Dylan fekk Nobelprisen, meiner professor i litteraturvitskap ved UiB, Erling Aadland.
Torsdag kom den, for nokre, overraskande nyheita om at Bob Dylan har vunne Nobelprisen i litteratur.
Musikaren, songaren, låtskrivaren, poeten og forfattaren vart nominert til prisen for første gong i 1997, og har sidan blitt nominert på nytt kvart år. Men kalenderen måtte visa 2016 før han skulle slå kloa i den.
Eg har meint i over 20 år at han bør få prisen
– Eg vart veldig glad for det. Eg synest det er heilt på sin plass, seier professor og Bob Dylan-ekspert, Erling Aadland.
Han har både skrive om, og undervist i Bob Dylan sin songlyrikk.
– Eg har meint i over 20 år at han bør få den. Men eg hadde frykta at det ikkje kom til å skje, fordi han er så mykje meir enn ein forfattar. No kan det verka som om akademiet har fått ein del nye medlemmar, som tenker annleis.
Lyden av Dylan
75-åringen som, eigentleg heitet Robert Allen Zimmerman, vaks opp i Hibbing i Minnesota, og blei først kjend som visesongar, som spela på piano, munnspel og gitar.
Han har funne vegen inn til mange hjarter i sin over 55 år lange karriere.
– Eg trur ikkje det er tekstane som først og fremst treff folk, men lyden av Dylan, lyden av stemma han. Sjølvsagt har han skrive nydelege songar - eit hundretal som veldig mange nesten har i blodet. Men lyden av stemma hans, og måten han varierer det musikalske bakteppe på, er det viktigaste, seier Aadland.
Han meiner prisen viser at ein verdset denne forma for musikk.
– Songlyrikk er jo den eldste forma for lyrikk, og det var det ein rekna som lyrikk frå gammalt av. Eg trur det talar til Nobelprisen sin fordel at ein lyrikar som i det siste halve hundreåret har betydd så mykje for millionar av menneske i verda får prisen. Ofte blir Nobelprisen gjeven til ein forfattar som for mange er heilt ukjend.
Litterære høgder
– Han har ei evne til å skriva uforgløymelege linjer og bilde. Han har fornya dei kjente, klassiske amerikanske songartane. Både blues, ballade, gospel og jazz har han tatt til seg, og omforma dei.
Dylan tar songane til eit nytt nivå ved å tilføra dei litterære kvalitetar som er på høgde med kva som helst anna, ifølge Aadland.
– Han har gitt populærlyrikken ei ny verdigheit. Han har ein litterær bildebruk, som i mange tilfelle er eminent, og på same nivå som dei beste forfattarane. Han brukar litterære allusjonar, han referer både til dei store kjeldene, som bibelen, men også til andre lyrikarar, kunstnarar og forfattarar, som han har vore opptatt med gjennom tidene.
Etter Dylan har alle som har skrive songlyrikk blitt påverka av han
Dylan gav ut boka Tarantulla i 1971, som er basert på tekstar som blei skrivne på midten av 1960-talet. Han har i tillegg skrive sjølvbiografien Chornicles Vol 1, som kom ut i 2004.
Alle følger etter Dylan
Aadland opplever at Dylan har noko ekstra, som gjer at han skil seg ut, og at han har satt ein ny standard som alle andre har prøvd å heva seg opp til.
– Ein har mange andre gode songlyrikarar, som Leonard Cohen, men Dylan er litt villare, han tar større sjansar og er meir eksperimentell. Han har eit større register, og skriv mange ulike sjangrar. Han var der først, og inspirerte dei andre til å skriva godt. Etter Dylan har alle som har skrive songlyrikk blitt påverka av han.
Dylan er den første amerikanske vinnaren sidan Toni Morrison vann prisen i 1993. Prisen skal delast ut i Stockholms konserthus 10. desember.