Ana B. Chiquito er førsteamanuensis i spansk språk og Latinamerikastudium ved UiB.

Ho trur fredsprisen skapar optimisme i heimlandet

Publisert

– Eg er veldig glad for at president Santos har fått prisen, seier førsteamanuensis Ana Beatriz Chiquito, som sjølv er frå Colombia. Ho håpar den kan bidra til å få fredsforhandlingane i landet heilt i hamn.

Ein seks år lang fredsprosess mellom styresmaktene og FARC-geriljaen i Colombia kuliminerte i dag med at president Juan Manuel Santos blei tildelt Nobels fredspris.

– Reaksjonane har vore veldig positive. Eg trur at alle i Colombia er for fred. Prisen trur eg kjem til å bidra til at ein står på vidare, seier Chiquito. 

Sjølv er ho frå byen Medellin, men flytta frå landet for over 30 år sidan. Ho har framleis familie der.

– Eg har ikkje fått snakka med dei endå, men dei kjem nok til å vera begeistra for tildelinga.

Folket sa nei til avtale
Målet med fredsprosessen har vore å få slutt på den 52 år lange borgerkrigen i landet, kor over 220.000 menneske har mista livet. Våpenkvila blei inngått 23. juni.

Men tidlegare denne veka stemte folket nei til fredsavtalen mellom FARC-geriljaen og regjeringa, med knappast mogleg margin. 

– Colombia har mellom seks og sju millionar interne flyktningar, og dei er splitta. Det er veldig mange som har stemt for, og veldig mange som har stemt nei.

Ho meiner det særleg er to ting som velta avtalen. Det første er at det blei gitt amnesti for ein del av FARC-soldatane i avtalen.

– Mange spør seg om det er rettferdig at enkelte skal sleppa fengsel, når det har vore så mange offer i konflikten, og det har vore både massakrar og bortføringar. Ein del av ugjerningane som ein elles ville fått fengselsstraff for, ville ein no ikkje blitt straffa for. Det er på grunn av avtalen, og det er nok det mest smertefulle punktet for folk.

Ti plassar i kongressen
Det andre punktet er deira rett til deltaking i politikken

– I avtalen står det at den politiske rørsla som FARC-geriljaen skal danna, har rett på ti plassar i den Colombianske kongressen fram til 2026 - uavhengig av korleis folk stemmer. Det rokkar ved den demokratiske oppfatninga hjå folk. 

– Nokon tenker at freden er så viktig, at dei aksepterer desse tinga. Men det kjem veldig an på situasjonen til folk. Desse to punkta må ein sjå nærare på, og det blir også gjort no.

Låg tillit til kvarandre
Den lange konflikten har sett djupe spor i Colombia, og Chiquito seier det er på høg tid at såra får byrja å gro. 

– Det har påverka oss på veldig mange måtar, du kan sjå det på alle plan i samfunnet. Viss du samanliknar med Noreg, er Colombia heilt på motsett side når det gjeld tillit til dømes. Ein har så liten tillit til institusjonar i samfunnet, men også på det mellommennesklege plan. Det er vanskeleg å stola på folk. Den viktigaste delen no, er å byrja å gjenoppbygga den biten.

Økonomien har også vore under hardt press.

– Ein brukar mykje ressursar på tryggleik i landet, på grunn av konflikten. Ressursar som burde blitt brukt på utdanning, helse, og andre ting.

Ho er likevel optimistisk med tanke på framtida.    

– Det blir vanskeleg, sjølvsagt - og fredsprosessen byrjar eigentleg først no. Sjølv om ein har forhandla fram ein avtale - så må dei få folket med på den, og det er veldig mykje som skal på plass. Demobilisering av dei millitære styrkane til dømes. Men alle håpar at dei kjem til å klara det, og det kan truleg fredsprisen bidra til også. Det viktigaste er at alle er for fred, seier Chiquito. 

Powered by Labrador CMS