Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Den ferske nobelprisvinnaren i økonomi, Finn E. Kydland (60), har i fleire år samarbeidd med forskarar og studentar ved Universitetet i Bergen.
I går vart det kjent at nordmannen Finn E. Kydland og amerikanaren Edward C. Prescott saman vert tildelt nobelprisen i økonomi for 2004. Kydland er professor i økonomi ved University of Santa Barbara og Carnegie Mellon University i USA, men har nære bindingar til Bergen, UiB og NHH.
Ved institutt for media- informasjonsvitenskap har forskarar og studentar i fleire år samarbeidd med professor Kydland i det såkalla MELON -prosjektet (MacroEconomics Laboratory ONline), som handlar om utvikling av eit nettbasert program som let studentar eksperimentere med makroøkonomiske modellar. Programmet skal hjelpe studentar på høgare og lågare grad til å forstå dynamikken i et lands økonomi gjennom å utføre eksperiment ved hjelp av makroøkonomiske modellar.
Desse modellane er basert på det arbeidet som Kydland og Prescott har fått Nobelprisen for.
– Det er svært spennande, og vi er veldig glade for å kunne halde fram samarbeidet, no med ein nobelprisvinnar, seier amanuensis ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Solveig Bjørnestad.
Prosjektet ved UiB er skapt på bakgrunn av eit kurs i makronøkonomi ved Carnegie Mellon University, USA. Datastøtta økonomiske eksperiment var del av dette kurset. Det nettbaserte systemet har seinare blitt brukt ved universitet fleire stader i verda.
Kydland og Prescott får Nobelprisen for sine ”bidrag til dynamisk makroøkonomisk teori: den økonomiske politikkens tidskonsistens og konjunkturens årsaker”, heiter det i grunngjevinga for prisvalget. Dei to professorane har ”dannet skole innenfor moderne makroøkonomisk forskning”, heiter det vidare.