Nobels fredspris til Atomenergibyrået

Publisert

IAEA og generaldirektør Mohamad ElBaradai får Nobels fredspris for arbeidet for å hindre at kjernefysisk energi blir brukt til militære formål.

Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2005 skal deles i to like store deler, mellom International Atomic Energy Agency (IAEA) og generaldirektøren der, Mohamed ElBaradei.

I pressmeldingen heter det at: “I ei tid då trugsmålet frå kjernevåpen aukar på ny, ynskjer Den Norske Nobelkomite å streka under at dette trugsmålet må handterast gjennom eit internasjonalt samarbeid så breitt som råd. I dag kjem dette klårast til uttrykk gjennom arbeidet til IAEA og generaldirektøren. I det kjernefysiske ikkje-spreiingsregimet er det IAEA som held kontroll med at atomenergien ikkje blir misbrukt til våpenføremål, og generaldirektøren har stått fram som ein uredd talsmann for nye tiltak til å styrkja dette regimet. I ei tid då nedrustningsarbeidet står i stampe, der det er fare for spreiing av atomvåpen både til statar og terroristgrupper, og der kjernekrafta på ny ser ut til å spela ei aukande rolle, er IAEAs innsats uvurderleg viktig”

I sitt testamente skriv Alfred Nobel at fredsprisen, blant andre kriteria, skal tildelast den som har gjort mest for “avskaffing eller reduksjon av ståande armear”. I samsvar med dette kriteriet har Den Norske Nobelkomite i dei seinare tiåra konsentrert seg om kampen for å redusera kjernevåpna sin plass i internasjonal politikk med sikte på å avskaffa desse våpna. At lite er nådd i verda på dette punktet, gjer arbeidet mot kjernefysiske våpen enda viktigare no.

Powered by Labrador CMS