Nøgd med ny læreplan

Publisert

Førsteamanuensis Endre Brunstad er nøgd med det nye forslaget til læreplan for norskfaget.

Norske elevar skal framleis få karakter i både hovudmål og sidemål. Det kom fram i revisjonen av læreplanen for norskfaget, som vart offentleggjort før helga.

– Ein har relativt likeverdig ambisjonsnivå når det gjeld språkkompetanse og tekstkompetanse i hovudmål og sidemål. Dette er positivt, og i strid med framlegga frå Utdanningsdirektoratet, seier Endre Brunstad.

Han er førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

– Seier noko om status
Verken Utdanningsforbundet eller Landslaget for norskundervisning (LNU) er nøgde med at elevane framleis skal ha to karakterar i skriftleg norsk.

– Slik vurderingsordninga er i dag, brukar norsklærarane for mykje tid på å dokumentera karaktergrunnlag i staden for å hjelpa elevane med å verta betre til å skriva og lesa, seier LNU-leiar Kjersti Solbu i ei pressemelding.

Brunstad seier at fagmiljø ved både høgskular og universitet vil ha karakter i både hovudmål og sidemål. Det same har skular i nynorskområde sagt.

– Det er viktig å ha vurdering i eit fag, det seier mykje om kva status faget har, meiner Brunstad.

Sidemål frå 5. klasse
– Norskplanen har tydelege kompetansemål for lesing, skriving og munnlege dugleikar på alle årstrinn, og det er klar progresjon mellom årstrinna, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen i ei pressemelding.

I planen ligg det at alle elevar skal verta introdusert for tekstar på både nynorsk og bokmål tidleg. Frå 5. trinn skal dei eksperimentera med skriving på sidemålet sitt.

Brunstad synest dette er svært positivt.

– Utkastet til læreplan la opp til eit nivåskilje mellom hovudmål og sidemål. Ein skulle til dømes læra litt rettskriving i sidemål, men alt i hovudmål, og det var lagt opp til at ein berre skulle kunne skriva i dei lettarane sjangrane på sidemål, seier han.

I tråd med det LLE meinte
Som På Høyden tidlegare har skrive, vart ikkje UiB sin uttale til høyringa sendt inn tidsnok.

– Universitetsleiinga har i ettertid sendt e-post til departementet, som i sin tur sa at dei skulle notera det me sa. Det som no står i planen om nynorsk og bokmål er i tråd med det LLE sa, seier Brunstad.

Han var ansvarleg for å senda inn LLE sin uttale, og underviser framtidige norsklærarar, både gjennom den integrerte lektorutdanninga og gjennom praktisk-pedagogisk utdanning.

Eit av hovudargumenta mot å gi vurdering både i hovudmål og sidemål er norsklærarane sin arbeidsmengde.

– Spørsmålet om norsklærarane sin arbeidssituasjon er eit fagforeiningsspørsmål, og kan ikkje vera styrande i denne samanhengen. Men dei har mykje vurderingsarbeid, så arbeidskvardagen deira er òg noko ein bør sjå på, meiner Brunstad.

Powered by Labrador CMS