– Nokon må vera djevelens advokat

Publisert

Det ferske universitetsstyret starta styreåret med kurs i styrearbeid. – Eg ønskjer meg eit styre som set seg mål og seier noko om kva saker dei vil ha opp og kva administrasjonen skal jobba med, seier rektor Dag Rune Olsen.

– Det er lurt å ha eit fot i bakken før ein byrjar med saksbehandling. Slik kan ein få betre løysingar og betre dialogar, ein kan stilla gode spørsmål og finna eit passande tempo.

Det seier Arne Selvik, kommunikasjonsdirektør i AFF. Den første delen av universitetsstyremøtet torsdag var sett av til kurs i styrearbeid, og det var Selvik som var kurshaldar.

– Å vera vanskeleg må gå på omgang
– Jo meir offentleg eit styre er, jo sterkare er kulturen som seier at «slik gjer me det her hos oss». Ein startar aldri eit styre med heilt blanke ark, det er lett å gli inn i det mønsteret som allereie er lagt, seier Selvik.

Noko av det han meiner er viktig, er å ha eit forhold til roller. Då meiner han både at styremedlemmene må ta på seg styrehatten og tenkja på fleire enn den gruppa dei sjølve representerer, men òg på dei ulike rollene ein finn i sjølve styret.

– Kven er til dømes som torer å stilla dei kritiske spørsmåla? Ein treng ei rolle som djevelens advokat, men det er viktig at ho går på omgang, slik at det ikkje er ein enkeltrepresentant som vert sett på som vanskeleg. Så har ein dei styrerepresentantane som gjerne vil fortelja historier og brukar lang tid, og dei som brukar tid på å sjekka tal og ser om alt er rett, seier Selvik.

Rektor Dag Rune Olsen har òg tidlegare nytta Arne Selvik sin kompetanse på styrearbeid. Olsen ønskjer at styret skal jobba som eit lag. Alle foto: Ingvild Festervoll Melien

Vil gå inn tidleg
Rektor Dag Rune Olsen er oppteken av at styret skal jobba som eit lag.

– Å få lov til å reflektera rundt styrerolla trur eg er nyttig. Her er fleire heilt nye representantar. Nokre har erfaring frå styrearbeid tidlegare, men felles er at me alle er nye for kvarandre, seier Olsen.

Han meiner det er viktig at styret snakkar om korleis dei vil arbeida, kva ansvar ein har og kva roller ein har.

I vår viste På Høyden at styret dei siste fire åra har vore samde i dei aller fleste sakene. Fleire av styremedlemmene kritiserte universitetsdirektør og dåverande rektor for å vera for samde i sakene som vart lagt fram til handsaming i styret.

– Om ein har eitt eller to syn til slutt er ikkje det som er mest interessant, seier Olsen.

– Ein får mest ut av styret dersom styret går tidleg inn i saker og seier noko om retninga. Eg ønskjer at styret skal setja seg mål, og at ein skal seia noko om kva ein vil jobba med. Eg håpar styret vil bestilla saker og slik seia noko om kva administrasjonen skal jobba med fram mot neste møte. Slik får ein betre styreinvolvering, meiner rektor og styreleiar.

– Studentane må ta ordet
I universitetsstyret sit det unge studentar og vaksne, røynde professorar. Selvik meiner at det er ein fordel at styret er så mangfaldig.

– Men styreleiar må syta føre at alle stemmer vert høyrde. Eg plar seia at studentane må ta ordet i det første møtet, dei må ikkje sitja og venta til dei trur dei kan nok, seier Selvik.

– Me er i ein prosess der me skal setja oss saman som eit lag. Me skal bygga ned barrierar, og det må vera slik at alle torer å ta ordet og kjenner seg likeverdige, seier Olsen.

Han meiner at alder ikkje er det avgjerande.

– Dei studentane som sit i universitetsstyret har som oftast bakgrunn frå anna organisasjonsarbeid. Det kan like gjerne vera ein eldre professor som er usikker på styrearbeid, seier Olsen.

 

 

 

Powered by Labrador CMS