Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
- Den enorme økonomiske veksten i Kina er bygd på ein statsstyrt kapitalisme som er heilt særmerkt for landet, seier Torstein Hjellum ved Institutt for sammenliknende politikk.
Den 24.mai er Hjellum vert for Zhang Jishun, rektor ved eit universitetet i Shanghai, og professor i kinesisk samtidshistorie. Ho kjem til UiB for å snakke om politisk grasrotrøyrsle på 1950-talet, men også om utvida samarbeid mellom UiB og universitet i Shanghai. - Eg er interessert i korleis det er mogleg for Kommunistpartiet å styre utviklinga. Det er heilt spesielt politisk sett med blanding av autoritær stat og marknad som ein ser i Kina, seier forskaren. Hjellum peikar på at denne særmerkte typen kapitalisme skapar alle trekka som vi kjenner att frå vårt eige samfunn. Samstundes som Kina er i ferd med å bli ei økonomisk stormakt, med sterkast vekst i økonomien i verdsmålestokk, har privatiseringa av økonomien skapt djupe sosiale skilnader og enorme fattigdomsproblem. Kineserane flyktar frå landsbygda, og andelen av bønder har sunke frå 80 til 50 prosent på vel tjue år. - Den personlege fridomen er ganske stor, men når du står fram offentleg og kritiserer regimet vert det eitt problem. Likevel kan ein sjå tendensar til at den kollektivistiske måten å sjå på seg sjølv som menneske er under press frå meir individualistisk tenking, seier Hjellum. Han meiner ein også kan sjå på Kina som eit samfunn der det framleis er liten grad av lovstyre. - I kva retning spår du Kina vil gå?
- Kommunistpartiet i Kina har omdefinert klasseomgrepet. Ein arbeidar er ikkje lenger berre ein som arbeider i fabrikken. No er også akademikarar innlemma under omgrepet arbeidar, men viktigaste er det at nyrike kapitalistar blir sett på som allierte og blir ønskt velkommen som medlemmer av partiet. Partiet ønskjer å representera andre grupper enn før, seier Torstein Hjellum.
Han har arbeidd med kinesisk politikk i over tjue år, og har endringane innanfor Kommunistpartiet som hovudfokus. Kina har sidan 1949 vore ein ettpartistat, der Kommunistpartiet er einerådande. Det har imidlertid skjedd store endringar innanfor partiet, der partiet har gått frå å vere eit klasseparti til eit nasjonalt parti.
Kommunistpartiet har måtta vende seg til andre grupper enn tidlegare, fordi den økonomiske utviklinga har endra makttilhøva. Bønder og arbeidarar er marginaliserte i det nye Kina.
Skap nytt
Staten har vore krumtappen i heile den industrielle revolusjonen som har pågått dei siste 15-20 åra, og utan den autoritære styreforma hadde aldri landet blitt modernisert så raskt og effektivt.”Nokon må bli rike først” heiter det i Kommunistpartiet sitt program og parolen er ”hald tritt med tida og skap nytt”. Likevel er det få teikn til politisk liberalisering, hevdar Hjellum.
Kinaforskaren har lansert omgrepet konfutsiansk-leninistisk kapitalisme, som han meiner er dekkande for den politiske styringsforma ein finn i Kina i dag, der meir enn tjue prosent av befolkninga i verda bur.
- På mange måtar har Kina eitt ideologisk vakum – som blir fylt av mange ting – og særleg ein form for kinesisk nasjonalisme. Kineserane revitaliserer no førestellingane om å vere Midtens Rike og eit sivilisatorisk senter i verda. Denne nasjonalismen har oppstått meir eller mindre spontant og blir no dyrka av regimet, der ein ser leiarane nyttar nasjonalistisk retorikk, seier Hjellum.
Kineserane har óg byrja å dyrke den gule keisar som ein mytologisk skikkelse, som stamfaren til alle kineserar. Det har dei nok gjort heile tida, men desse markeringane er no gjort offisielle.
Flukt frå landsbygda
Ein reknar med at nærare 10 prosent av befolkninga (100-120 millionar) er såkalla flytande befolkning som er i ferd med å forlate landsbygda på jakt etter lønsarbeid i byane. 700 millionar kineserar er bønder, og mange av desse er svært fattige. Prosentdelen bønder er omtrent som det var i Noreg rundt midten av 1800-talet. I Kina er det teikn til uro i denne gruppa, mellom anna har det vore tilfelle av bønder som går til åtak på statleg eigedom og partikontor. Men regimet har legitimitet mellom dei som nyt best av industrialiseringa, særleg i den veksande middelklassar og ein økonomisk overklasse.
- Det vil fortsett ha legitimitet så lenge veksten er høg. Regimet har som målsetjing at alle skal få – men det vil ta tid. Problemet framfor partikongressen i 2002 var at den største veksten er innanfor den private sektoren – og der er ikkje partiet representert, seier Kina-eksperten og viser til at den økonomiske overklassa treng nokon som kan representere dei, og dei er no på veg inn i partiet.
Større personleg fridom
Kina har ikkje berre liberalisert økonomien, men også opna opp for kulturell påverknad utanfrå. Torstein Hjellum har undervist ved Fudan-universitetet i Shanghai i snart tjue år. 17 universitet og høgskolar i Norden er no representert ved Fudan-universitetet i det som heiter Nordic Centre som vart starta opp i 1995. Den norske statsvitaren og hans kinesiske kolleger underviser i kinesisk politikk – og om dei politiske tilhøva i Europa. Det faglege ansvaret for kurset på 15 studiepoeng ligg hjå det statsvitskaplege instituttet ved universitetet i Fudan pluss Institutt for sammenliknande politikk, UiB.
- Korleis er det å undervise i politikk i ein eittpartistat?
- Det går bra, Nordic Centre har ein viss autonomi – og vi står fritt til å setje opp det vi ser som eit godt pensum. Å studere Kina i Kina er noko heilt anna enn å studere det på avstand, seier Hjellum som også samarbeider med Universitetet i Lund om undervisning om Norden ved Nordic Centre.
”Kald og varm krig”
- Det kan utvikle seg i fleire retningar. Eg har ikkje tru på indre oppløysing, eg trur at økonomisk vekst skaper legitimitet og det nasjonale samhaldet er sterkt. Eg er mest uroa over tilhøvet til USA. Vi kan komme til å sjå både kald og varm krig mellom USA og Kina. Kina utfordrer det sterke økonomiske og politiske hegemoniet USA har hatt i Asia.
- Vi ser allereie ideologiske konfrontasjonar over menneskerettar, der Kina har byrja å offentleggjere rapportar med menneskerettsbrot i USA som eit svar på at USA publiserer Kinas brot på menneskerettane. Eg er redd dette kan bli farleg, avsluttar Torstein Hjellum som håpar at samarbeidet med UiB og Fudan kan bli utvida til å gjelde fleire fagområde enn samanliknande politikk.