Komiteen som har evaluert NOKUT er positive tilo verksemda, men kjem med klare anbefalingar om forbetringar, skriv Kunnskapsdepartementet som var oppdragsgjevar.
Oppdraget for evalueringa var todelt. Komiteen skulle for det første finne ut om NOKUT oppfyller dei såkalla European Standards and Guidelines for Quality Assurance in the European Higher Education Area og for det andre evaluere NOKUT si rolle i norsk høgre utdanning.
Komiteen som har evaluert NOKUT er positive tilo verksemda, men kjem med klare anbefalingar om forbetringar, skriv Kunnskapsdepartementet som var oppdragsgjevar.
Oppdraget for evalueringa var todelt. Komiteen skulle for det første finne ut om NOKUT oppfyller dei såkalla European Standards and Guidelines for Quality Assurance in the European Higher Education Area og for det andre evaluere NOKUT si rolle i norsk høgre utdanning.
NOKUT fyller krava i de europeiske standardane, men komiteen peiker på klare forbetringspunkt. Her er departementet si punktliste:
- NOKUT er eit uavhengig organ, men dagens lover og forskrifter setter for strenge grenser for NOKUT si autonomi og gjev NOKUT lite rom for fleksibilitet som eit profesjonelt organ. Det anbefalast at departementet og NOKUT saman evaluerar dagens regelverk for å heve fleksibiliteten.
- Komiteen er av den oppfatning at NOKUT har tilstrekkelige ressursar til å løyse dagens oppgåver, men peiker på at dersom oppgåveporteføljen aukar, kan dette endre seg. Dersom så er tilfelle bør departementet og NOKUT diskutere prioritering i tida framover. Det peikast på at overordna planlegging av aktivitetane framover er viktig, og at evalueringsoppdraga frå departementet bør vurderast finansiert på ei anna måte. NOKUT sitt styre bør ta ein meir overorda strategisk rolle enn dei har i dag.
- NOKUT er i for stor grad opptatt av kontroll, og i for liten grad opptatt av institusjonell og akademisk utvikling. Komiteen anbefaler at NOKUT finner ei betre balanse mellom kontroll og utvikling. Her er dialogen med sektoren viktig.
- Det har ved fleire høve vore diskusjon om NOKUT si tolking av akkrediteringskriteria. Komiteen anbefaler NOKUT å vurdere å utvikle ulike akkrediteringskriterier for ulike studieprogram, t.d. ulike kriterier for akademiske og yrkesretta studieprogram. Det er viktig at kriteria er fleksible og samstemte.
- For å gjere det norske kvalitetssikringssystemet betre kjem komiteen og med detaljerte forslag til endringar i systemet. Fokuset bør etter komiteens oppfatning i framtida liggje på kvalitetssikringssystema ved institusjonane (audit), på nasjonale evalueringar og på reakkreditering av eksisterande programmer.
- NOKUT bør fokusere meir på å unngå interessekonfliktar ved oppnemning av sakkyndige og bør bruke fleire utanlandske ekspertar.
- NOKUT bør fokusere meir på informasjon om kvalitetssikring og høgre utdanning i Noreg. Det er positivt med den årlige NOKUT-konferansen, men NOKUT ville vore ei viktig bidragsytar til reell informasjon om kvaliteten på norsk høgre utdanning.