Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
22. til 24. april møtest fenomenologar frå Norden, Europa og USA til symposium på Filosofisk institutt, UiB. Symposiet er åpent for alle interesserte.
Symposiet er det tredje i rekka sidan Nordisk Selskap for Fenomenologi vart
stifta i København i 2001. Etter det har det vore konferansar i Helsinki og Stockholm og no altså i Bergen. Til neste år skal konferansen arrangerast i
Reykjavik og det er meininga at den skal rullere mellom dei nordiske landa.
Bergens-symposiet har undertittelen fenomenologi: Frå teori til praksis - og
tilbake. Fenomenologien er ein filosofisk retning som først og fremst blir forbunde med Hussel og Heidegger, men også med Sartre, Merleau-Ponty og Levinas.
- Fenomenologisk metodologi er opptatt av å skildre ulike fenomen,frå
persepsjon, emosjonar og kroppslege røynsler til kva meining ting, redskapar og sosiale relasjonar har for oss. Fenomenologien søkjer å finne fram til
naudsynte trekk ved vår måte å erfare verda og oss sjølve på. Det er ein filosofi som dreier seg om røynsler, og tar utgangspunkt i eit første-persons perspektiv seier Anne Granberg ved filosofisk institutt, som har hovudansvaret for arrangementet. Ho seier at det er ei aukande interesse for fenomenologi - og ho trur det kan ha noko med å gjere nettopp med at det er ein filosofisk retning som vender seg mot å beskrive og forstå konkret røynsle og den felles “livsverda”.
- På konferansen knytter vi tråder mellom fenomenologi og empirisk praksis. Vi vil ta opp tema som blant anna fenomenologi og medisin, psykiatri og etikk og fenomenologi og kunst, estetikk og musikk.