Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Why is silence so important in Norway? spør førsteamanuensis i sosialantropologi Anh Nga Longva retorisk.
–Louder! kjem det med tysk aksent frå ein stad langt bak i salen.
150 studentar frå heile verda er samla i Store auditorium for å prøve å forstå Noreg og nordmennene. – Men det er ikkje vondt meint, forsikrar sosialantropologen. Ein tysk aksent hevar seg frå salen igjen.
Den interesserte internasjonale studenten gløymde å avslutte spørsmålet med eit høfleg ”please”, men akkurat det gjer ikkje noko. I Noreg er slikt meir enn akseptabelt. Og meir – utprega mangel på gode manerar er ein nøkkel til å forstå sosiale kodar og åtferd i dette innimellom gloheite, men stort sett iskalde landet. Det er stadfesta frå fleire akademiske kjelder: Nordmenn er rett og slett uhøflege.
Stilt og godt
Det er tvert imot ein måte nordmennene har for å vise at dei er genuint gode og vennlege menneske.
Nokre av studentane rykkjer svakt til i smilebanda. Anh Nga Longva veit korleis det kjennest, oppvaksen som ho er i Vietnam. Men etter 30 år i Noreg ser ho ein logikk i det heile:
– Nordmennene ser ut til å meine at alle verbale uttrykk skal ha ei ekte meining, elles har dei ingen funksjon. Eg har opplevd at nordmenn ser på fraser som ”thank you”, ”please”, ”excuse me” og liknande som overflatiske – til og med hyklerske. Særleg amerikanarar, som bruker slike fraser heile tida, har ein tendens til å bli oppfatta på denne måten, seier Longva.
Derfor er stilla så viktig i Noreg.
– Når nordmenn vil bli oppfatta som ærlege, vel dei å vere stille.
Snilt og godt
– Ein kan vel ikkje generalisere over alle nordmenn?
– Nei, det har du heilt rett i, svarer Longva.
Noko som sjølvsagt er lettare sagt enn gjort når tittelen på forelesinga er ”Understanding Norway and Norwegians” og varer i ein og ein halv time. Neste gong dei internasjonale studentane hamnar i krysspress mellom norske ryggsekkar i ein full gul buss, kan det likevel vere greitt å ha med seg Anh Ngas kvalifiserte tolking av kvifor nordmannen ikkje unnskylder seg.
– Eg veit at du veit at eg ikkje gjorde det med vilje.