Norsk leksikon på serbisk

Publisert

No kjem «Sosiologisk leksikon» i serbisk og spansk omsetjing. Professor Olav Korsnes, som er norsk redaktør, kjenner seg beæra.

Korsnes er professor i sosiologi ved UiB, og har laga leksikonet i samarbeid med forskarar frå Sverige og Danmark. Førsteutgåva kom parallellt i Norge, Sverige og Danmark i 1997. No skal verket ut både på serbisk og spansk.

– Det ville vere både enklare og billegare å gje ut eit av dei engelske verka i desse landa. Når dei vel å gje ut vårt skandinaviske leksikon, er det truleg fordi skandinavisk samfunnsvitskap, og spesielt sosiologi, har godt rennommé og står sterkt i utlandet, seier Korsnes til BT.

Det er også aktuelt å gje ut ei revidert utgåve på norsk.

Powered by Labrador CMS