Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Har du ein kollega som fyller år, blir emeritus eller skal få ei utmerking? Det kan du enkelt legge inn ein notis om i På Høyden. Alle er velkomne til å sende inn nyheiter om personar, bøker og hendingar til På Høyden.
Vi legg gjerne ut nyhende om folk frå UiB og randsona. Slik gjer du det:
1. Velg «FOLK»
Trykk på fana merka «FOLK» i høgre hjørne på framsida.
2. Velg mellom «PERSON» eller «BOK»
No får du opp skjermbiletet der du kan velje mellom «LEGG INN NOTIS OM PERSON» eller «LEGG INN NOTIS OM BOK». Gjer eit val.
3. PERSON: Fyll ut skjemaet
Her får du opp fleire felt som skal fyllast ut.
4. Lim inn bilete
Alle nyhende om personar må ha eit bilete. Det er heilt ok å bruke bilete tatt med mobiltelefon.
Under profilbilde finn du knappen «Velg media». Når du trykkar på den, får du opp skjermbiletet som er vist under. Trykkar du på «Browse» kan du hente inn biletet du ønsker. Trykk på «Last opp», deretter «Legg inn». Avslutt med «Lagre».
5. Skal du legge inn notis om bok?
Velg «LEGG INN NOTIS OM BOK» ved det første menyvalet. Framgangsmåten vil elles vere den same.