Sofie Marhaug (til venstre) argumenterte for at stipendiatene ved UiB og UiO bør ha like vilkår. Foto: Hilde Kristin Strand

Universitetsstyret gir stipendiatane tre ekstra månader

Notert: Forslaget var to, men no vert det mogleg å gi stipendiatar tre ekstra månader for å koma heilt i mål med avhandlinga.

Publisert

Som På Høyden har skrive, skulle universitetsstyret ta stilling til om stipendiatar i nokre tilfelle skal kunne få ekstra tid til å gjera avhandlinga heilt ferdig. Det gjeld i dei tilfella der avhandlinga ikkje fortener underkjenning, men samstundes ikkje vert vurdert som god nok for disputas. Styret vedtok at ein skal få ei slik ordning, som fleire andre universitet allereie har, men med ei endring i forhold til det som låg i saka: Ein kan få tre månader, ikkje to. Sofie Marhaug, som representerer vitskapeleg tilsette i mellombels stilling, argumenterte for at ein burde få seks månader, slik ein får ved UiO. Styret landa på ei ordning som er lik den dei fleste andre har.

Powered by Labrador CMS