Rektor Gunnar Bovim fekk etter ein lang debatt eit einstemmig styre med seg. Men vernepleiarane bytta fakultet, mot fire stemmer. Foto: Kristoffer Furberg, Universitetsavisa

Vedtok åtte fakultet ved nye NTNU

Publisert

Kampen har vore hard og frontane steile. Måndag vedtok NTNU-styret ein struktur med åtte fakultet.

11 fakultet. Eit museum. Ei avdeling i Gjøvik og ei i Ålesund. 71 institutt og avdelingar. Dette har vore status for nye NTNU frå årsskiftet, etter at universitetet i Trondheim fusjonerte med høgskulane i Ålesund, Gjøvik og Sør-Trøndelag.

Måndag skulle styret ta stilling til kva struktur det nye storuniversitetet skal ha. Innspela har vore mange, og frontane temmeleg steile. Universitetsavisa har vore fylt av innlegg med ulike forslag.

Først og fremst er det det gamle SVT-fakultetet som har vore misnøgde. Frå å vera eit fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing vert det no eit fakultet samfunnsvitskap, psykologi, sosialfag og utdanningsvitskap. Det betyr at det ikkje vert eit eige fakultet for utdanningsvitskap.

Skuffa
Dekan ved Fakultet for lærar- og tolkeutdanning, Camilla Trud Nereid, seier til Universitetsavisa at ho er skuffa over at det ikkje vert eit eige fakultet for utdanningsvitskap, og understrekar at dette ikkje skulle vera eit reint profesjonsfakultet.

– Me ville gjerne vera saman med pedagagogane ved Institutt for pedagogikk og livslang læring. Og me ville gjerne har med oss psykologane, sosionomane og barnevernspedagogane – alle som driv med læring og undervisning og danning innan ulike samfunnsinstitusjonar frå heim, skule og barnehage, men òg arbeidslivet. Så ville me ha med skulelaboratoriet og matematikksenteret og fleire til, sa Nereid til Universitetsavisa før helga.

Dekan Marit Reitan leiar noverande SVT. Ho ville splitta fakultetet i to, med eit fakultet for utdanningsvitskap, sosialfag og psykologi og eit for økonomi, leiing og samfunnsvitskap.

– No vert det opp til fagmiljøa å bretta opp ermene, sjå framover og finna ei god, intern organisering, seier Reitan til Universitetsavisa dagen etter vedtaket.

Ingen føderal modell
Frå årsskiftet har dei gamle høgskulane vore ulike organisert. Høgskulen i Sør-Trøndelag har vore organisert som tre fakultet og ein eigen handelshøgskule. Dei to andre høgskulane har vore organisert som avdelingar. I sakspapira heiter det at høyringssvara ikkje gir støtte for den såkalla føderale modellen som gjer Gjøvik og Ålesund til eigne fakultet. I vedtaket heiter det at rektor vert gitt fullmakt til å avgjera fagområde for kvart enkelt fakultet ved NTNU i Gjøvik og Ålesund, og at fagleg tilhøyrsle skalv era eit hovudprinsipp.

I høyrginsrunden var det sprikande tilbakemeldingar på kor mange fakultet ein burde ha, så styret fekk presentert fire alternativ; med fire, fem, sju og åtte fakultet.

Det som tidleg var klart, var at det gjekk mot eit eige økonomifakultet. Det som farmleis ikkje er klart, er kor mange institutt fakulteta vert delt i. Det skal avgjerast til hausten, heiter det i styrepapira. I styremøtet i april skal fakulteta, som no berre har fått eit bokstav-namn og eit innhald, få skikkelege namn. Vitenskapsmuseet skal framleis ligga på same nivå som fakulteta. Den nye strukturen skal gjelda frå 1.1.17.

Organisering av NTNU

Slik var det:
Det humanistiske fakultetet (seks institutt)
Det medisinske fakultetet (fem institutt)
Fakultet for arkitektur og biletkunst (fem institutt)
Fakultet for informasjonsteknologi, matematikk og elektroteknikk (seks institutt)
Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi (ti institutt)
Fakultet for naturvitskap og teknologi (seks institutt)
Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing (ti institutt/senter)
Fakultet for helse- og sosialvitskap (tidlegare HiST, tre institutt)
Fakultet for lærar- og tolkeutdanning (tidlgare HiSt, to institutt)
Fakultet for teknologi (tidlegare HiST, åtte insitutt)
Handelshøyskolen i Trondheim (tidlegare HiST)
Vitenskapsmuseet
NTNU i Gjøvik (tre avdelingar)
NTNU i Ålesund (fem avdelingar)

Slik vert det:
Fakultet A: Ingeniørvitskap
Fakultet B: Naturvitskap, bioingeniørfag
Fakultet C: Matematikk, informatikk og elektroteknikk
Fakultet D: Humaniora
Fakultet E: Helsefag, sjukepleiefag, medisin, vernepleiefag, radiografi og audiologi
Fakultet F: Samfunnsvitskap, psykologi, sosialfag, utdanningsvitskap
Fakultet G: Økonomi
Fakultet H: Arkitektur, biletkunst, produktdesign
Vitenskapsmuseet

Powered by Labrador CMS