Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Vi har heile tida studentane sin fråfallsproblematikk i bakhovudet, seier rådgjevar Harald Åge Sæthre.
Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har administrasjonen laga appen “REAL info”, som skal gjere det lettare for studentane å få med seg smart informasjon, viktige tidsfristar og sosiale happenings. – Vi har en rekke gode tilbod til studentane i løpet av det første semesteret. Det er foredrag om studievanar, orienteringsmøte om ulike kurs og sosiale klassearrangement. Seinare arrangerer vi møte der studentane kan møte tidlegare kandidatar som no har kome ut i arbeid, fortel Sæthre. Når alle via app Informasjon på mat.nat sine nettsider har vist seg å ikkje vere tilstrekkeleg. Plakatar blir sett av få. Ein sms sendt to timar før arrangementet får fleire til å møte, men kostar både pengar og administrative krefter. Ønsket er at ei enkel påminning direkte på studentane sin telefon skal få dei til å dukke opp. – For å gjere noko som ikkje kosta så mykje administrativt arbeid, laga vi denne appen. Dei kan sjølv laste ned, og ha den liggande på sin mobil. Dermed blir opplysningane lasta rett ned i kalenderen deira, seier Sæther. Investering i studentane – Hovudmålsettinga er å få studentane til å delta på ting vi veit fungerer for studentane, og få dei til å føle at dei mestrar studiane sine. Vi har heile tida fråfallsproblematikken i bakhovudet. Dette er ein investeringar i mennesket, og kanskje også i studiepoeng, seier Sæther. Kan bli nyttig for fleire – Vi hadde svært lyst til å lage denne appen likevel. Så vi fekk to studentar til å hjelpe oss, seier Høie. Appen vil foreløpig berre vere tilgjengeleg i Google Play for nyare android-telefonar. Og den vil kun vere nyttig for studentar på mat.nat. Både Høie og Sæther omtalar appen som ein pilot, som dei ynskjer å vidareutvikle. – Vi er veldig spent på om dette vil virke. Dersom dette får den effekten som vi håper, kan det brukast i utvida målestokk ganske raskt, sier fakultetsdirektør Bjørn Åge Tømmerås.
– Det er ikkje alltid vi når fram med dei kanalane vi brukar. I dei samanhengane der vi har brukt sms i tillegg, ser vi at det har vore betre oppmøte, seier Eli Neshavn Høie, seksjonssjef ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
– Den første veka skal dei også møte faget sitt for første gong. Vi veit at dei som er til stades på arrangementa opplever det som veldig positivt. Men andre gløymer det, og sit til dømes heller i kantina. Vi vil hjelpe dei å hugse, difor har vi laga appen, seier Harald Åge Sæthre.
Høie fortel at fakultetet søkte om midlar frå Program for evaluering og kvalitetsutvikling (PEK), men at dei ikkje fekk dette.