Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Frå 1.oktober er HMS-avdelinga omorganisert og skal vidareførast som ein “reindyrka bedriftshelseteneste”.
- Vi ønskjer å vere meir ute, meir synlege og vite meir om kva det er folk i organisasjonen treng, seier UiBs bedriftslege Knut Rasmus Kyvik som er leiar for den nye eininga. Den er no ei reint fagleg eining utan stabsfunksjon. Avdelinga er underlagt universitetsdirektøren, men er frikopla frå ”arbeidsgjeverlinja” og har ei fri og uavhengig stilling i arbeidsmiljøspørsmål. Bedriftshelsetenesta (BHT) skal og vere rådgjever opp mot alle ledd i organisasjonen, og skal som fagavdeling spille ei viktig rolle i alle spørsmål som angår arbeidsmiljøet. Avdelinga skal til dømes hjelpe arbeidsgjevar med tilrettelegging av opplæring og utforming av gode rutiner. Ansvaret for å følge opp arbeidsmiljøtiltak ligger imidlertid i linja, hjå arbeidsgjever. - Vi er her for å tette hol og bygge bruer. Arbeidsmedisinsk poliklinikk er eit tilbod til enkeltpersoner. Vi driv óg helsekontroll for spesielle risikogrupper der slike kontroller er lovpålagt og der det samstundes finnes brukbare metoder. Eit døme er allergi hjå folk som jobbar med forsøksdyr, seier Kyvik. Medan til dømes Kjemikalieforskrifta og Biologiforskrifta andre tiltak som undervisning og gjennomgang av arbeidsrutinar med vurdering av risiko. Knut Rasmus Kyvik håpar at den nye bedriftshelsetenesta vil få høve til å bruke meir tid på forebyggande arbeid enn dei har hatt til no. Kvardagen for dei som jobbar med spørsmål knytt til helse, miljø og tryggleik ved UiB er ifølge BHT-leiaren svært travel, men målet er at alle skal få raskt svar når dei vender seg til BHT.
- Vi er ei frisone ved UiB der folk kan søke råd og hjelp dersom dei treng det. Her vil dei bli møtt med tausheitsplikt. Eit viktig oppdrag kan vere å gje hjelp med å knytte gode kontakter, til dømes opp mot arbeidsstaden. Vårt viktigaste mål er å bidra til et godt og trygt arbeidsmiljø, og å forebygge skader og sjukdom. Vi har mellom anna helsefagleg og yrkeshygienisk kompetanse, seier Kyvik.
Ansvaret ligg hjå arbeidsgjevar
- Vår rolle er å jobbe i grensesona mellom arbeid og helse. Dette gjeld alt forebyggende arbeid, men óg dersom ein UiB-tilsett til dømes blir sjuk på jobb, får rusproblem eller har ei funksjonshemming som vi må legge til rette for trer vi inn med ein rådgjevande funksjon, seier Kyvik som strekar under at Bedriftshelstenesta ikkje skal vere som ein fastlege nummer to. Fastlegen er framleis legen dei tilsette skal forhalde seg til – og det er denne legen som kjenner pasienten.
Tette hol
- Det er viktig å presisere at HMS-arbeidet er eit felles ansvar for heile UiB. Personal og økonomiavdelinga (PØA) har ansvaret for den samla personalpolitikken.
Organisasjonspsykologen ved UiB er tilsett ved PØA – og dette er ifølge Knut Rasmus Kyvik naturleg fordi ho jobbar med grupper og arbeidslivspsykologi – ikkje med individuell terapi. Likeeins har Eiendomsavdelinga ansvar for bygningar og bygningstekniske forhold ved UiB. Og endeleg har leiarar ved institutt og avdelinger ansvar for lokal tilrettelegging.
Vil jobbe meir med forebygging