Ny bok frå UiB-samling i krise

Kulturinteresserte masfjordingar har laga bok og plate om den musikk- og språkinteresserte bonden Ola R. Midtbø, med utgangspunkt i samlingar ved UiB. Men desse arkiva er i krise, åtvarar instituttleiar Johan Myking.

– Frå ein ulærd bonde som vart ein kulturpersonlegdom i heimbygda si på Hosteland og i Masfjorden, går det ei linje hit til universitetet, seier ein av redaktørane, Alf Strand.

Ola R. Midtbø budde i Masfjorden, og heile livet samla han kulturinntrykk frå miljøet rundt seg. Lokale ord og uttrykk ble notert ned saman med gamle segner og forteljingar. Salmar, songar, viser og slåttar fekk han tatt opp på band, og dette er arkivert i Arne Bjørndal sine samlingar ved Griegakademiet.

Ordbok-bidrag
No har livet og verket til Midtbø blitt til ei bok: «Nytt av gamalt – Formidling av Ola R. Midtbøs verk». Bak står ei rekkje lokalhistorisk interesserte frå Masfjorden, med Alf Strand og Rune Garmann som redaktørar. Midtbø, som døyde i 1950, har og vore ein av dei store bidragsytarane til «Norsk ordbok», ei oversikt over nynorsk og norsk folkemål med over 300 000 artiklar. Ordboka skal komme med sitt siste band i 2014.

Vist fram skattane
Stoffet om Ola R. Midtbø blei gjenoppdaga då folkemusikaren Anette Thorsheim fann musikken han hadde samla inn i samlingane til Arne Bjørndal på Griegakademiet.

– Dette er noko som er tatt vare på, og så har nokon tatt ut skattane og vist dei fram, fortel Rune Garmann.

Thorsheim har og spelt inn noko av musikken på plata som ligg ved boka, saman med andre musikarar.

Paradoks
Midtbø er og bestefar til Johan Myking, og instituttleiaren ved LLE meiner at bokutgjevinga peikar på eit alvorleg problem ved UiB.

– Politisk er det eit paradoks at denne boka kjem no, for samlingane materialet til Midtbø ligg i er i krise, seier Myking.

Bjørndalssamlinga er sikra, og har fått ein vitskapleg ansvarleg på Grieginstituttet. Men dei andre samlingane står det verre til med.

– Målføresamlinga og stadnamnsamlinga er noko av det fakultetet vårt er bygd på. Men desse samlingane manglar ansvarlege, og dei som tidlegare har vore det har gått av med pensjon. Og vi får ikkje lov til å tilsetje nye i desse stillingane, seier Myking.

 

Desse står bak boka om Ola R. Midtbø. Frå venstre Rune Garmann, Helge Keilegavlen, Anette Thorsheim, Johan Myking, Jon Hope og Alf Strand. Foto: Hilde Kristin Strand

 

Powered by Labrador CMS