Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I går la utvalet som er leia av Gjert Kristoffersen ved UiB, fram utgreiinga om strategiar for vern av norsk språk. Utvalet har sett ambisiøse mål, men blir skulda for å ha for få forslag til konkrete lover og løyvingar.
– Den kritikken er eg heilt ueinig i, men dei som skal ta dette vidare må sjølvsagt ta den alvorleg og sjå på om ein skulle arbeidd for ei strengare lovregulering. Vi har diskutert mykje i kva slags grad dette er gagneleg. Nye haldningar skapast ikkje berre av lover, seier Gjert Kristoffersen, som til dagleg er professor i nordisk språkvitskap ved UiB og forskingsdirektør ved Avdeling for kultur, språk og informasjonsteknologi ved Unifob.
“Norsk i hundre!” heiter dokumentet som slår fast at for å sikre at norsk held fram som nasjonalspråk i Noreg, må det utformast ein samla språkpolitikk for framtida.
”Politikken må forankrast i tre demokratisk baserte rettar: retten til nasjonalspråk, retten til morsmål og retten til framandspråk. Det overordna målet er å sikre at nynorsk og bokmål vert brukt på alle område i samfunnet, og at norsk språk er det naturlege valet i alle situasjonar der det ikkje er nødvendig å bruka framandspråk” står det i utgreiinga.
Språkrådet hadde gitt utvalet i oppgåve å drøfte utfordringar, setja opp mål og skissere verkemiddel for den nasjonale språkpolitikken. Konklusjonen er at “eksistensen til norsk som språk ikkje er truga i dag,” men at norsk står i fare for å bli overkøyrd av engelsk på nokre samfunnsområde , mellom anna høgare utdanning og forsking.
Under presentasjonen i Bærum på torsdag 27. oktober, kor både professor Helge Dyvik og professor Frank Aarebrot ved UiB hadde blitt beden om å kommentere strategidokumentet, vart utvalet skulda for å ha for lite brodd.
– Kvar gong utvalet nærmar seg eit krav om lovendring eller pengar, skyggar det unna, sa Aarebrot i følgje NTB.
Helge Dyvik tvilte på si side på om det var mogleg å regulere feltet ved hjelp av lover i utstrakt grad, og Kristoffersen meiner at utvalet her har lagt seg ein stad midt i mellom.
Han viser mellom anna til at dei i tillegg til forslag til lovendringar også krev pengar til tiltak som språkbank og senter for språkforsking.
– Det er mogleg eg som filolog er smålåten når eg synes at 100 millionar til språkbank og 15 millionar til språkforsking er mange pengar. Kanskje vi skulle ha spurd om milliardar, smiler Kristoffersen, også peiker på det konkrete forslaget om å setje inn att språkparagrafen i Universitets- og høgskule loven som sikrar undervisning på norsk.
Språkrådet sitt styre har ansvaret for den vidare å prosessen og det er mogleg dokumentet skal ut til offentleg høyring.