Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
God og direkte kontakt med forskarane er viktig for den nye administrative koordinatoren ved UiB Global. Difor planlegg ho besøk på alle fakulteta i vårsemesteret.
Navn: Kristin Svartveit – Kva går den nye jobben din ut på? – Har du en jobb kor andre ansatte vil komme mykje i kontakt med deg? – Trivs du godt så langt? – Kvifor ville du ha denne jobben? – Kva for utfordringar forventar du at jobben vil gi deg?
Alder: 36
Ny jobb: Administrativ koordinator for UiB Global
Tidligere jobb: På Uni Bjerknessenteret med forskningsadministrasjon og formidling
Utdanning: Hovedfag i Sosialantropologi
– Eg skal jobbe for å synleggjere og fremje global og utviklingsrelatert forskning ved UiB. UiB Global er ein paraplystruktur i UiB-systemet, og skal vera ein tverrfagleg møteplass for forskning på dette feltet. Som administrativ koordinator skal eg arbeide opp mot fagmiljøa med informasjon og støtte i søknadsprosesser, og generelt hjelpe til å drive fram gode forskningsprosjekter og samarbeid. I tillegg driv eg sakshandsaming innan utviklingsrelaterte tema og samarbeid mellom Universitetet i Bergen og partnarar i sør.
– Absolutt! Det er det jo også på mange måtar mi oppgåve å sørge for. Ei viktig oppgåve er å synleggjere all forskinga som allereie fins ved UiB på dette feltet. Difor planlegg me mellom anna ei besøksrunde til alle fakulteta no i vårsemesteret. Me ynskjer å presentere oss for fagmiljøa, og la dei presentere seg for oss, slik at me saman kan finne gode måtar å setje fokus på forskninga, og ikkje minst formidle kontaktar, kople miljøer og skape nye samarbeid. I tillegg kjem me til å invitere folk til oss i Jekteviken på seminarer og informasjonsmøter. UiB Global skal fyrst og fremst vera ein ressurs for forskingsmiljøa, og då er det viktig å ha god og direkte kontakt med forskarane.
– Veldig godt! Sjølv om UIB Global framleis er i oppbyggingsfasen er det mange interessante prosjekt på gong, og me har mange planar. Å ha arbeidsplass vegg i vegg med Bergen ressurssenter for internasjonal utvikling er også veldig kjekt – der skjer det mykje bra!
– Å jobbe med internasjonalt forskningssamarbeid er spanande og meiningfullt. Dessutan synes eg det er kjekt å vera med å bygge opp noko nytt, som jo UiB Global på mange måtar er, sjølv om forskninga på feltet har lang historie ved UiB.
– Det er utfordrande å jobbe med tverrfaglege prosjekt, både med hensyn til kommunikasjon mellom ulike fagmiljø og reint administrativt i universitetssystemet. Eg vil gjere mitt beste for at UiB Global skal vera viktig og relevant for forskarane ved universitetet. Slik det er organisert i dag er UiB Global eit nytt element i UiB-strukturen, og me må jobbe aktivt for å synleggjere oss og finna vår plass.