Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Marion Solheim kjem rett frå NRK og inn i ei heilt nyoppretta stilling som kommunikasjonsrådgjevar ved Det medisinsk-odontologiske fakultet. Snart bankar ho på døra di.
Navn: Marion Solheim (33) – Kva går den nye jobben din ut på? – Har du ein jobb der andre tilsette vil kome mykje i kontakt med deg? Artikkelen held fram under biletet – Korleis trivast du så langt? – Kvifor ville du ha denne jobben? – Kva utfordringar forventar du at jobben vil gje deg? – Er det nokon spesiell grunn til at du ville jobbe ved UiB, eller var det tilfeldig? – Du har jo berre vore her i knapt ei veke, men kva har du gjort den første tida? – Har du nokre ambisjonar om å gjere store endringar for ditt ansvarsområde i høve til slik det har blitt gjort tidligare?
Ny jobb: kommunikasjonsrådgjevar, Det medisinsk-odontologiske fakultet, UiB
Tidlegare jobb: Journalist i NRK
Utdanning: Har double bachelor frå Iowa State University, USA – journalistikk og internasjonale studier
– Eg skal jobbe både med ekstern og intern kommunikasjon. Ha kontakt med journalistar, finne dei gode historiene og gje råd til fagmiljøa på fakultetet.
– Absloutt! Eg kjem nok til å grave og spørre om spennande forskingsprosjekt, og dei tilsette på fakuletet kan komme til meg dersom det er ting dei lurer på, til dømes i samband med eit føreståande intervju. Eller kanskje har dei tips til ei sak det er viktig å få ut i media. Folk må gjerne sende mail til marion.solheim@mofa.uib.no eller gje ein lyd på 99 15 28 21.
(Foto: Anne Sidsel Herdlevær, Det medisinsk-odontologiske fakultet)
– Eg trivast godt. Det er stor organisasjon, og mykje å sette seg inn i. Og samstundes ein stad spekka av interessante folk, saker og forsking. Eg gler meg til å bli enda betre kjend med min nye arbeidsplass!
– Eg jobba i nesten elleve år i NRK, som nyhetsreporter på radio og tv. Dei fem-seks siste åra fekk eg høve til å fordjupe meg i helsejournalistikk. Når medisinsk-odontologisk fakuletet oppretta ei heilt ny kommunikasjonsstilling – ja, då måtte eg prøve meg. Eg trur det er viktig og sunt å få nye utfordringar gjennom heile yrkeslivet.
– Eg trur det blir både spennande og utfordrande å ha så brei kontakt som mogleg med dei andre på fakultetet, både forskarane, sjefane og studentane. Jobben min skal jo vere å gje råd, og eg håpar å gjere mange begeistra over kva ein får til her. Internkommunikasjon er også eit felt eg trur blir moro å dykke ned i.
– Eg hadde i utgangspunktet ingen planar om å forlate journalistikken, så sånn sett var det nok ein smule tilfeldig.
– Eg har etter beste evne prøvd å sette meg inn i organisasjonen og strukturen. Fram mot jul skal eg ut på institutta og møte folka der – gler meg!
– I og med at dette er ei nyoppretta stilling, så er arka ganske blanke. Men eg håpar og trur at eg skal bidra til enda betre formidling, både eksternt og internt.