Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Den nye IKT-strategien vart godkjend av Universitetstyret torsdag 20.februar. Strategien gjeld heile UiB, Unifob og for dei deler av randsona som vel å knytte seg til UiB-nettet.
– Den nye IKT-strategien definerer eit klart skilje mellom fagleg ansvar for val og drift av fagspesifikke applikasjonar,og det som er UiB sitt felleseige. Fakulteta og fagmiljøa har ansvaret for å ivareta oppgåvene innan den fyrste kategorien, medan IT-avdelinga har hovudansvaret for felles infrastruktur som datanett, epost, vev og kontorstøtteverktøy, sentral datalagring og tryggingskopiering, seier IT-direktør Tor Bu, som er svært nøgd med at dei no har ein resultatorientert strategi som er eit godt utgangspunkt for sentrale og lokale handlingsplanar.
Fakulteta, IT-avdelinga , Universitetsbiblioteket og Bergen Museum skal lage handlingsplanar innan utgangen av august 2003
Viktige punkt i strategien:
– Alle studentar og tilsette skal aktivisere sin IT-konto i SEBRA, som mellom anna fører til at alle får ei sentral epost-adresse ved UiB som kan nyttast i samband med viktig administrativ og fagleg informasjon.
Lokale epost-tenester skal avviklast.
– Det skal høgst vere eitt IT-driftsmiljø ved kvart fakultet.
– IT-avdelinga får instruksjonsmyndigheit innan IT-tryggleik og skal alltid takast med på råd i samband med større lokale IKT-investeringar eller vesentlege endringar i lokale driftsopplegg.
– Ein skal velgja løysingar basert på open kjeldekode eller opne standardar mellom anna for å fremme konkurranse i marknaden. Spesielt viktig blir det å finne fram til eit felles ope format for dokumentutveksling.
– Det blir ikkje lagt opp til omfattande utsetting av IT-tenester til kommersielle leverandørar i denne strategiperioden.