Ny leder i UHR

Publisert

Rektor Gunnar Stave frå Høgskulen i Volda er valt til ny leiar på Universitets- og høgskolerådet sitt representantskapsmøte 10. mai. Gunnar Stave er valt for perioden 2005-2007, og han tar formelt over 1. august etter rektor Kirsti Koch Christensen.

Dr. polit. i sosiologi Gunnar Stave har vore nestleiar i UHR frå 2000-2005, og er i dag rektor ved Høgskulen i Volda.

-UHR skal først og fremst vere ein interesseorganisasjon for institusjonane i universitets- og høgskulesektoren, seier nyvalt leiar i UHR, Rektor Gunnar Stave frå Høgskulen i Volda.

- I ei tid med store forventningar til den rolla høgre utdanning og forsking skal ha for utviklinga av velferdsstaten, er det viktig å skape politisk og samfunnsmessig forståing for kva som krevst for å nå måla. Dette blir ei særleg viktig oppgåve no når vi går inn i ein valkamp. Det er også viktig å forsvare grunnleggande verdiar i høgre utdanning, og gjennomtenke korleis desse skal realiserast i dag. Derfor skal UHR vere ein viktig møteplass for debatt om høgre utdanning og forsking, avsluttar Gunnar Stave.

Powered by Labrador CMS