Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det er lenge sidan familien berre kunne vere mor, far og barn. Barn vert unnfanga og bore fram på nye måtar. No skal Norge skal få ny adopsjonslov, og arbeidet vert leia av UiB-professor Karl Harald Søvig.
– Barn kan bli unnfanga og bore fram via ei rekke ulike konstellasjonar. Surrogati er temaet der er mest politisk strid om. Men det er brei semje om at barn ikkje skal kunne gjerast til ei handelsvare, seier jusprofessor Karl Harald Søvig til På Høyden. Søvig skal leie lovutvalet som innan 15. august 2014 skal ha klart eit utkast til ny adopsjonslov. Store lovendringar – Lover treng generelt oftare revisjon no enn for 25 år sidan, seier Karl Harald Søvig. Grunnfjellet i adopsjonslova vil framleis vere at den skal sikre at adopsjon vert gjennomført til gagn for barnet og på ein måte som tek vare på barnet sine grunnleggande rettar. Lova skal også verne om biologiske foreldre og adoptivsøkjarar på ein god måte. – Norge er også konservativt – Enkelte i Norge vil framleis hevde at adopsjon til homofile foreldre ikkje er til barnet sitt beste. Men dei vert færre og færre, seier Søvig. I dag er det kun Brasil som har opna for adopsjon av barn til homofile foreldre. – Likekjønna par ynskjer seg barn, og mange barn treng foreldre. Korleis skal den nye lova handtere det at mange adopsjonsland er meir konservative enn Norge? – Her er spørsmålet: Skal enkelte land få lov til å være rettslege øyer? Strasbourg har sagt at ja, det kan dei. Sjå berre på abortlovgjevinga til Irland. Der er abort ulovleg. Men myndigheitene kan ikkje nekte kvinner å reise til andre land. Slik er det med adopsjon også. Adopsjonsfeltet er særeigent ved at landet der barnet skal busettast kan la være å godkjenne ein adopsjon gjort i andre land, seier Karl Harald Søvig. – Norge er også konservative på fleire felt. Lova som regulerer assistert befruktning og surrogati er strengare enn i til dømes USA og fleire andre land. Vi er også konservative ved å meine at det ikkje skal være lett å overføre foreldreskapen til barnet. Barnet må være to månader før det kan adopterast vekk. Historisk er dette grunngjeve med at ei kvinne i barsel ikkje skal kunne handle overila og gje frå seg barnet sitt. No har debatten rundt surrogati gjort at denne gamle fastsetjinga aktualisert, men med eit anna fortegn. Ei kvinne kan ikkje på førehand seie at «Dette barnet er ikkje mitt, det skal adopterast vekk eller gjevast til nokon andre rett etter fødselen». Regelverket er eit virvar – Eg er glad for av vi har fått eit lovutval som skal utgreie forslag til ei ny og betre adopsjonslov. Dagens adopsjonslov er endra ei rekke gonger dei siste åra. Men ingen har gjort ein samla gjennomgang av lova. Eit klart over oversiktlig regelverk har stor verknad for alle involverte, seier statsråd Inga Marte Thorkildsen i ei pressemelding. Kan korte ned ventetida – Ein dimensjon er det vert færre barn som vert adopterte vekk på verdsbasis. Men den lange hansamingstida i Norge er eit problem det er naturleg å adressere når vi lagar lovframlegget, seier Søvig. Foto: Ida Bergstrøm
Samfunnsnormene har endra seg sidan den forrige adopsjonslova vart laga i 1986. Og med dei nye endringane har lova vorte flikka på og bygd ut. Einslege har fått høve til å adoptere. Born har fått rett til å vite kven dei biologiske foreldra er når dei fyller 18 år. Frå 2002 fekk ein registrert partnar adoptere partnaren sitt biologiske barn. Sju år seinare kunne også ektepar av same kjønn adoptere.
I Norge har endringane i dei homofile sine rettar ført til ei rekke endringar av lova.
I 2009 kom ei offentlig utgreiing, kalla “Adopsjon - til barnets beste”. Her konkluderer utvalet med at det er behov for å gå gjennom lova og regelverket for å gjere det meir tilgjengeleg.
I dag tek det svært lang tid å handsame ei adopsjonssak. Dette skuldast mellom anna fleire innanlandsadopsjonar i land ein gjerne har adoptert frå tidlegare, som til dømes Kina.