Ny redaktør i På Høyden

Publisert

I dag trer Guri Gunnes Oppegård til som redaktør i På Høyden. Ho ønskjer seg aktualitet og aktiv debatt i nettavisa.

Etter over fem år som redaktør i På Høyden, overlèt Silje Gripsrud no sjefsstolen til Guri Gunnes Oppegård.

– Det har vore veldig kjekt å få innsikt i så mange ulike forskingsfelt og UiB som organisasjon. På Høyden er ei open internavis, og for meg har det vore viktig å arbeide for at ulike stemmer kjem til uttrykk. Eg opplever at dei aller fleste tykkjer avisa har ein viktig funksjon og seier seg samde i vår journalistiske måte å jobbe på, seier Gripsrud, som no byrjar i Festpillene som informasjonsrådgjevar.

– Å ha ansvaret for UiB si nettavis er ein spennende og utfordrande jobb, men etter så mange år hadde eg lyst til å gjere noko heilt anna. Det blir likevel litt vemodig å slutte ved universitetet, seier ho.

Den nye redaktøren har brei journalistisk erfaring, med ei fortid både i TV2, Bergens Tidende, BA og Pandora film. Ho har master i akvakultur frå UiB, og er godt kjend med universitetet.

No ser ho fram til å ta fatt på redaktørrolla, og ho har høge ambisjonar for På Høyden.

– Gripsrud har utvikla På Høyden til å bli eit medium med ein sterk posisjon, høg integritet og tillit. Det er viktig for meg å vidareføre den gode jobben ho har utført, seier Oppegård.

Først ute med nyhende
I ei lesarundersøkjing i 2007 kom det fram at to tredeler av dei UiB-tilsette meiner at På Høyden er ei viktig eller svært viktig kjelde for nyhende frå og om Universitetet i Bergen. Gunnes Oppegård understreker at nyhende blir ei viktig satsing fremover for redaksjonen.

– Vi skal ha dei gode nyhendesakene frå organisasjonen. Eg vert i dårleg humør dersom BT eller BA slår oss på viktig nyhendestoff frå UiB, seier ho.

Ho peikar på at nyhende frå universitetssektoren og det utdanningspolitiske feltet på nasjonalt plan også vil vere viktig stoff i På Høyden.

Kanal for formidling og debatt
Tilbakemeldingar frå lesarane tyder på at På Høyden også er ei viktig informasjonskjelde for eksterne lesarar. Mellom anna nyttar mange journalistar seg av nettavisa for å få orientering i høve til det som går føre seg ved UiB. Den nye redaktøren peikar på at På Høyden er ein god kanal for formidling av forskinga ved universitetet, både for primærmålgruppa tilsette, men også for eksterne lesarar. Gunnes Oppegård lovar difor at redaksjonen skal ligge tett på forskingsmiljøa.

– Her er vi avhengige av at forskarar nyttar På Høyden aktivt og gjev oss tips om interessante prosjekt og nye forskingsresultat, seier Oppegård.

Ho ønskjer seg ei god kontakt med både vitskapleg og administrativt tilsette, og oppfordrar På Høyden sine lesarar om å kome med innspel og engasjere seg i debattar.

– I denne samanheng er det viktig å peike på at redaksjonen i På Høyden skal ha ein uavhengig posisjon i høve til organisasjonen slik at vi kan utøve kritisk journalistikk i samsvar med vår etiske plakat, seier ho.

Powered by Labrador CMS