Ny ROV klar til djuphavsforsking

Publisert

Universitetet i Bergen får snart tilgang på sin andre ROV (Remotely Operated Vehicle). ROV‘en er heilt uunnverleg i dei mange marine forskingsprosjekta på djuphav som UiB er involvert i.

Sidan 1998 har UIB nytta ROV‘en Aglantha, men den kan berre fungere ned til 1500 meter. Derfor har UIB og Havforskingsinstituttet gått saman om finansiere deler av eit nytt undervassinstrument i lag med produsenten Argus AS. Ved å betale delar av rekninga får dei to forskingsinstitusjonane tilgong på “Bathysaurus” eit visst tal dagar per år i sju år. Nyvinningen kan gå ned til 5000 meter.

- Det som er unikt med det nye insturmentet, seier professor Rolf-Birger Pedersen til Engish News, UiB, - er at det er så lite - og dermed kan fraktast lett med fly. Dermed kan UiB involvere seg i marin forsking over heile kloden. I dag er UiB med i ei rekke prosjekt med andre land, så som “Integrated Ocean Drilling Project”, “Biodeep”, “Neptune”, “MOMAR” og “SUBMAR”.

Powered by Labrador CMS