Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det blir ny sensur i to emne på jus som vart sensurert før fakultetsstyret sitt vedtak om korleis den nye karakterskalaen skal brukast. – Vi har no innført ny studieordning som skil seg nokså sterkt frå den tidlegare. Det fører til at vi også må fastlegge nivået for ulike karaktertrinn i høve til den nye studieordninga, seier dekanus ved Juridisk fakultet, Ernst Nordtveit.
- Det vi har gjort er å understreke det som låg i korta, nemleg at vurderinga må skje i forhold til det studietrinnet studentane er på. Til dømes har dei no eksamen i nokre fag på eit tidlegare trinn i studiene enn før. Kravet til fagleg nivå må sjåast i samanheng med dette, seier Nordtveit. Nokre fag har også fått eit endra innhald i høve til tidlegare. I vedtaket frå møtet 5.desember heiter det at ved karakterfastsetjing i mastergradsstudiet og cand jur studiet skal ein, ved vurderinga av prestasjonane, ta omsyn til dei rammevilkåra studentane har hatt og progresjonen i studiet. Karaktervurderinga skal skje ut frå innhaldet i kurset, læringmåla, prøvingsforma og det studietrinnet kurset er plassert på. Vurderinga skal også vere basert på vurderingskriterier som er fastsette av Det nasjonale fakultetsmøtet. Det avgjerande for karakteren skal vere totalinntrykket av kandidatens prestasjonar, sett i forhold til oppgåva som er gitt. Målsetjinga om fordeling på karaktertrinn gjeld for kvar einskild kurs, heiter det i referatet frå styremøtet, men det heiter også at ein skal stø seg på tilrådinga frå Universitets- og høgskolerådet der det kan vere slingringsmonn over tid, der ein seier at ”en periode på minst 5 år er ikke utenkelig”.
Kursa der det no skal gjennomførast ny sensur er erstatningsrett og kontraktsrett II. Den nye sensuren kjem i januar, og omlag 200 studentar vil bli berørt.
Styret vedtok normalfordeling
Vurderinga skal skje slik at fordelinga mellom dei ulike karaktertrinn normalt blir i samsvar med tilrådinga frå Universitets- og høgskolerådet til institusjonane, der det er sagt at karakterane ”over tid” skal liggja i fylgjande intervall med A = 8 til 12 prosent, B 20 til 30 prosent, C 24 til 36 prosent, D 20–30 prosent, E 8 til 12 prosent, medan strykgrensa blir som tidlegare.
Gjeld også enkeltkurs
- Tyder det at de ikkje vil tillate stort slingringsmonn frå normalfordeling på kvart enkelt kurs?
- Vi vil på store kull leggja til grunn at karakterfordelinga skal liggja innanfor dei rammene som er fastsett, om det ikkje kan påvisast særlege grunnar til avvik. På mindre kurs (valfag) vil vi ikkje kunne operera med noko normalfordeling på kursa.
- Var årsaka til at det blir ny sensur i to emne at karakterane var sette for strengt, heller enn at det var for få med til dømes A?
- I og med at fakultetsstyret fastsette nye normer, og det var usikkert om desse normene var fylgt ved den første sensuren, fann vi det naudsynt å foreta ny sensur for å sikra at normene var fylgt også ved desse kursa, seier Nordtvedt. Han fortel at ein har funne at koblinga til den gamle laudgrensa blir vanskeleg å praktisere, det skuldast altså ikkje minst at kursa kjem på andre tidspunkt enn tidlegare, og studenten si modning kan vere svakare.
- Vi kom til at ein må tilpassa vurderingskriteria til den progresjonen som er lagt inn i studiet, slik at krava til studenten også må verta strengare ut over i studiet. Elles ville vi få ein situasjon der få fekk gode karakterer i starten og fleire mot slutten. Den som er best i det første kurset bør få A, sjølv om prestasjonen ikkje ville gjeve A ved det siste kurset.