Nybrottsforsking i Nepal

Publisert

På initiativ frå Universitetet i Bergen (UIB) skal forskarar frå heile verda møtast i Nepal for å diskutere eitt av dei største problema for fattige småbønder i Søraust-Asia.

Det handlar om bitte små partiklar, men det er store problem som står på dagsorden: Mangel på mikronæringsstoff i jorda fører til dårlege avlingar og feilernæring for fleire hundre millionar menneske i Søraust-Asia. I september arrangerer UIB og nepalske NARC (Nepal Agricultural Research Council) saman ein konferanse i Kathmandu om tiltak for å styrke jordbruk og helse i regionen.

– Det spesielle med denne samlinga er at vi vil arbeide med marginale bønder – fjellbønder til dømes, som lever langt frå jordbruksrådgivarane. 40 til 50 prosent av dei nepalske fjellbøndene manglar sink i jorda, cirka 80 prosent manglar bor. I tillegg er det mangel på fleire andre mineral. Denne mangelen forplantar seg og skaper eit ernæringsproblem, seier førsteamanuensis ved Institutt for geografi, Peter Andersen.

Han er initiativtakar til konferansen, og er sjølv mellom dei 25 som skal halde innlegg. Totalt er 55 deltakarar frå 11 land påmeldt, mellom dei er Australia, Bangladesh, India, Pakistan, USA og Tibet, i tillegg til Norge og Nepal.

– Paradigmeskifte

Forskarane som skal møtast i Kathmandu arbeider i eit relativt nytt vitskapeleg landskap. Medan den grøne revolusjonen i landbruket fokuserte på høgtytande plantesortar, er merksemda i dag retta mot eit større lokalt mangfald, som i større grad kan kome småbønder i periferien til gode.

– Dei siste 10-15 åra har vi sett eit paradigmeskifte. Tidlegare fokuserte ein på energi og protein. No er interessa retta mot mineral og mikronæringsstoff. Medisinsk forsking har funne ut at dette er vel så viktig, særleg i forhold til fattigdomssjukdomar som lungeinfeksjonar og diaré, forklarer geografen ved UIB.

Medisin og helse er eitt av fagområda som blir representert på den utprega tverrfaglege samlinga. Innlegga spenner vidare frå agronomisk forsking til samfunnsvitskapelege spørsmål. Peter Andersen skal snakke om forholdet mellom lokal og vitskapeleg kunnskap.


Spennande møte

Det er nokre av dei fremste forskarane i verda innan ernæring og jordbruk som er venta til Nepal.

– Det kan bli eit spennande møte med nepalske forskarar, seier Andersen.

Hovudinnlegga skal haldast av Rosalind Gibson frå Otago-universitetet på New Zealand, Robin Graham frå University of Adelaide i Australia og Ross Welch frå Cornell University i USA.

UIB har gitt 100 000 kroner i posisjoneringsstønad. ICIMOD (International Centre for Integrated Mountain Development) skal publisere ei bok i etterkant av konferansen.

Powered by Labrador CMS