Nye program i Forskingsrådet

Publisert

Tysdag inviterer Forskingsrådet næringsliv og forskingsmiljø til Bergen, for eit informasjonsmøte om fire nye program.

Dei nye programma er HAVBRUK, Matprogrammet, Areal- og naturbasert næringsutvikling og Fellessatsing TRE. I tillegg vil det bli ei orientering om SkatteFUNN-ordninga.

HAVBRUK er eitt av Forskingsrådet sine store program, og skal samle og styrke forskingsaktivitetane retta inn mot havbruk. Målet er at kunnskapen som kjem fram, skal danne grunnlag for ei lønsam havbruksnæring. Programmet er delt inn i fire faglege tema som spenner frå teknologi til utvikling av vaksinar, og utlysingane vil legge vekt på fleirfaglegheit og internasjonalt samarbeid.

Matprogrammet har som målsetting å utvikle norsk matproduksjon slik at helse, kvalitet, etikk og miljø er vektlagd. Programmet skal også medverke til at forskingsbasert kunnskap dannar grunnlag for utvikling av forvalting og regelverk på området. Både marknadsforsking, prosessteknologi, konkurransedyktig råvareproduksjon og helse og livskvalitet knytt til mat, blir viktige tema i programmet.

Programmet Areal- og naturbasert næringsutvikling rettar seg i hovudsak mot arealbasert næringsliv og mot styresmakter innanfor fiskeri og havbruk, landbruk og reindrift. Reiselivet er også ei målgruppe. Programmet skal medverke til næringsutvikling basert på bærekraftig bruk av norske areal- og naturressursar.

Fellessatsing TRE er eit samarbeid mellom Forskingsrådet og Innovasjon Noreg, og skal medverke til auka bruk av trevirke, og til utvikling av bærekraftige produksjons- og forbruksmønster.

HAVBRUK-programmet har søknadsfrist for Forskarprosjekt og Kompetanseprosjekt med brukarmedverknad 15. juni. For dei andre programma er utlysing av forskingsmidlar rett rundt hjørnet.

Powered by Labrador CMS