Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det blir slutt på 10.000-kroners studentstipend frå Meltzerfondet. I staden skal studentar kunne søke om meir prosjektstøtte.
Meltzerfondet har i dag lagt ut sine nyoppussa nettsider, der dei nye retningslinene for studentstipend er offentleggjorde. Søknadsfrist er som vanleg 1. desember.
Tidlegare har fondet delt ut studentstipend i porsjonar på 10.000 kroner til ”særleg evnerike studentar”, utan at det har vore stilt krav til korleis pengane skal brukast. Ved overgangen til nytt karaktersystem måtte retningslinene for tildelingane endrast. Samstundes ønskte ein å gjere tildelingane meir målretta. Difor blir frå no av alle studentstipenda gjevne som prosjektstøtte, der ein underskrift frå rettleiar er naudsynt for å kome med i handsaminga.
– Styret ville at studentstipenda skal gå til faglege aktivitetar framfor livsopphald. Vi har delt ut stipend i form av prosjektstøtte i fleire år, men no vil alle midlar bli lyste ut som prosjektstipend. Samstundes blir taket på beløpet heva frå 25.000 til 75.000 kroner, seier rådgjevar Lars Narve Larsen ved Forskingsavdelinga.
Det skal søkast til spesielle føremål, som feltreiser eller utstyr. Prosjektstøtte vil i hovudsak bli tildelt master- og doktorgradsstudentar, men også lågaregradsstudentar kan søke dersom dei er tilknytt eit forskingsprosjekt. Det er framleis eit kriterium at søkarane held såkalla Meltzerkvalitet, altså er mellom dei 10% beste i studentmassen.
For forskarar er kriteria for tildeling dei same som før.