Vektarane frå Nokas har ikkje trengt å bruke tida si til å springje etter innbrotstjuvar denne jula, og har i staden konsentrert seg om vasslekkasjar og enøk.

2009: 59 innbrot - 2015: 9 innbrot

Publisert

– Det har vore ei fredeleg jul på Nygårdshøyden, seier vektar Haakon Skogan Bore. Stenging av Nygårdsparken og eigne tiltak har gjort innbrot sjeldne.

Det har vore ei god jul for Nokas-vektarane ved UiB.

– Det har vore lite og ingenting som har skjedd. Både tilsette og studentar har vore flinke til å stenge dører og vindauge. I tillegg har vi brukt mykje tid på å sjekke at alt er i orden, seier Bore til På Høyden.

Dermed har vektarane kunna bruke tida si på andre ting, som å halde auge med vasslekkasjar og enøk-tiltak.

Akse sentrum - Laksevåg
– No trur eg rusproblematikken er mindre her på Universitetet i Bergen enn dei fleste andre stader i Bergen. Eg trur vektarar på Nesttun og ulike kjøpesenter i sentrum har meir å gjere med rusmisbrukarar enn vi har. Det er ikkje noko tilbod til dei her oppe, ikkje butikkar ein gong, seier Bore.

Likevel har dei ei og anna bortvising, der dei slår av ein prat med rusmisbrukarar, eller i somme tilfelle ber dei gå ein annan stad.

– Før var dei stort sett på søre del av Nygårdshøyden. I dag er det meir i aksen mellom sentrum og Laksevåg vi finn dei. Dei tek seg kanskje ein pust i bakken. Dei er sikkert oftare enn før i Muséhagen, men vi har ikkje hatt problem knytta til aulaen, seier Bore.

Dermed kan han og kollegaene jobbe meir med å førebyggje, i staden for å springje etter.

Alarm og opplæring
2009 var toppåret, med 59 innbrot. I 2013, året før Nygårdsparken stengde, var det 25 innbrot.

– I 2014 hadde vi 19 innbrot. Det var ein tydeleg nedgang med ein gong parken stengde, før det kom nokre i jula. 2015 er året der vi verkeleg har fått uttelling for stenginga av parken. I januar i år snakka vi om at vi kunne hamne under eitt innbrot i månaden. Så langt i år ligg vi på 9 innbrot. Åtte av dei hadde med rus å gjere, seier Tore Reigstad, som er overingeniør med ansvar for brann og tryggleik.

Det niande innbrotet skjedde i august, då fleire tital datamaskiner blei «slakta» i BB-bygget på Haukeland.

Etter dei mange innbrota i 2009 har mykje blitt gjort for å betre tryggleiken. Alarm er montert mange stader, og tilsette har fått opplæring i kva dei bør gjere for å hindre innbrot.

– Vi har hatt veldig god effekt av desse tiltaka, seier Reigstad.

Fryktar kjemi og forsking
I tillegg er samlingane til Universitetsmuseet flytta frå svært dårlege lagringstilhøve i kjellarar og andre stader, til nye, moderne magasin med både brann- og tyverisikring, samt lågare oksygeninnhald enn i vanleg luft.

Men Reigstad synest likevel ikkje at UiB er godt nok sikra.

– Kjemikaliar og forskingsmateriell, samt brannskader på uerstattelege verdiar er noko av det eg er mest uroleg for. Ein del er ikkje godt nok sikra i dag. Somme stader føler eg at det er litt for ope, at ein tek meir omsyn til den praktiske arbeidskvardagen enn til tryggleiken, seier Reigstad. 

Powered by Labrador CMS