F.v.: Leder i Foreningen for human narkotikapolitikk (FHN) i Hordaland, Kim-Jørgen Arnetvedt, Byråd for sosial, bolig og inkludering, Erlend Horn, politiførstebetjent Roger Olsen, og forsker ved Folkehelseinstituttet, Linn Gjersing. Foto: Marthe Njåstad

– Må få fleire inn på Strax-huset

Publisert

Å opna sprøyterommet for fleire typar bruk av stoff vil betra forholda for rusmisbrukarane i området rundt Strax-huset, meiner sosialbyråd Erlend Horn. 

Tysdag blei det lagt fram ein forskingsrapport om kva som har skjedd med den opne russcena i Bergen etter at Nygårdsparken stengte i 2014. Miljøet forflytta seg først til Vågsbunnen i Bergen sentrum, og deretter til undergangen ved Strax-huset på Laksevåg. 

Rapporten viser mellom anna at situasjonen er forverra for dei som er blitt igjen i rusmiljøet etter at parken stengte – og at det er mykje vald i miljøet. I ei undersøking svarte 40 prosent av dei spurde at dei hadde blitt utsett for vald den siste månaden.

Sosialbyråd Erlend Horn og politiet var mellom dei som deltok i debatt om temaet i Universitetsaulaen tysdag ettermiddag.

– Rapporten gjev oss konkret statistikk. Me veit at ei russcene har mykje vald og interne opgjer, men det å få tydeleg statistikk på det er noko som både er alarmerande, og noko som vil legga føringa på korleis me må legga opp politikken framover, seier sosialbyråd Erlend Horn (V). 

– Vil ikkje stressa miljøet

Feltarbeidet til forskarane var over i fjor sommar - og Horn seier det er blitt sett inn tiltak etter at deira arbeid vart avslutta. 

– Me har vore klar over problematikken, og me sat førre sommar inn eigne vektarar som skulle vera til stades for å verka kofliktdempande. Bemanninga i Strax-huset vart også oppbemanna sommaren 2016. 

I rapporten kom det også fram at politiet er lite til stades i undergangen ved Strax-huset, og at brukarar som er intervjua i forskingsprosjektetet meiner det er lovlause tilstandar der. Det var ikkje politibetjent Roger Olsen einig i. 

– Det høyres ut som me ikkje er tilstades, men det er me. Men på ein heilt anna måte enn me var i Vågsbunnen. Det er ein strategi me har for å unngå å stressa miljøet, og for å unngå å flytta dei igjen. Då flyttar me dei berre vekk frå eit hjelpetiltak, og gjer vondt verre, sa Olsen og la til:

– Me er einige i at dette ikkje er ein ønska situasjon. Det er inga verdigheit over det som skjer der borte. Men me er også tydeleg på at ved å flytta på eit miljø må ein også flytta dei til eit alternativ. Me hadde ein heftig runde i Vågsbunnen då det stod på. Me meiner at me ikkje kan gjera det same ved Strax-huset. Dei menneska der borte treng hjelp, og det er ikkje nødvendigvis me som har den kompetansen.

Les også: — Det må informerast betre om at cannabis kan utløysa psykose

– Nedverdigande

Tunnelen ved Strax-huset har dårlege hygienske forhold og mange sit på bakken og injiserer brukerdosar. Det er verken bord eller stolar tilgjengeleg i tunnelen. 

– Det er stor smittefare i tunnelen, ingen flatar å plassera brukarutstyret på, og ingen plassar å sitta. Det er trangt, og ein risikerer å bli dulta borti når ein injiserer eller førebur injisering av stoff. Dette auker konfliktnivået, sa ein av forskarane bak rapporten, Kristian Mjåland, frå Uni Research Rokkansenteret.

Kim-Jørgen Arnetvedt, leder i Foreningen for human narkotikapolitikk (FHN) i Hordaland, seier det er ein tøff kvardag i rusmiljøet på Laksevåg. 

– Bortsett frå for menneske som kan injisera på sprøyterommet, og dei som trenger akutt hjelp, så ser eg ikkje så mykje positivt med det som har skjedd i det heile tatt. Min opplevelse med flyttinga var at det var nedverdigande. Det livet som me lever der borte er forferdeleg, det er ikkje mykje positivt å kjenna på, seier Arnetvedt.

Vil la fleire bruka sprøyterommet

Byråd Erlend Horn var oppteken av at ein vil kunna betra forholda og tryggleiken for dei rusavhengige ved å få fleire inn på sprøyterommet.

Sidan det i dag berre er lov å injisera heroin på sprøyterom – og ikkje røyka stoffet, eller injisera andre typer stoff – er det ei avgrensa gruppe som kan nytta seg av tilbodet.

– Strategien når det gjeld Damsgård, er å hjelpa så mange som mogleg inne på hjelpetaket. Me kjemper med nebb og klør for å endra praksisen med injisering. Det er betre å ha eit brukarrom kor ein kan injisera eller røyka stoff, enn at folk skal stå i undergangen ute.

Venstre og Arbeiderpartiet fremma forslag om å opna opp for røyking av heroin i sprøyterom i Stortinget i mars, men det fekk ikkje fleirtal. Høgre har sagt at dei vil ha ei utgreiing av spørsmålet før dei vil vurdera å endra loven. 

Må få eigne bustader

Horn vil sjå på om dei kan gjera ytterlegare tiltak for å betra situasjonen for dei som oppheldt seg i undergangen.

– Det me absolutt bør sjå på, er det reint oppsøkande arbeidet inn i tunnelen, og om det er noko me kan gjera annleis opp mot det. Men i det store bildet er den beste strategien å hjelpa folk ut av russcena.

– Erfaring viser at det beste me gjer for å redusera vald og manglande tryggleik for rusavhengige, er å få dei over i eigne bustader, og å hjelpa folk til ikkje å måtta oppsøka og vera over tid i opne russcener. Det er det me har stort fokus på, seier Horn. 

Han understreker at å flytta miljøet på nytt, ikkje er ei aktuell løysing. 

– Det er uaktuelt å gå inn og jaga alle vekk. Dette er ei russcene rett ved byens største lågterskel hjelpetiltak, kor ein får mat innandørs, akuttovernatting og helse- og sosialfagleg hjelp. Løysinga er å hjelpa endå fleire inn der på sine eigne premissar, og ikkje setta i verk tiltak som gjer at det er meir attraktivt å vera utanfor, seier Horn.

Nygårdsparken opnar i august

Om tre månader opnar Nygårdsparken igjen, og Horn fortel at dei har sett i gong fleire førebyggande tiltak for å hindra at ei russcene blir etablert i parken på nytt. 

– Ved opninga vil det vera ekstra vektarar som kan ringa politiet viss noko skjer. Me har også beskjært busker for å unngå at folk kan <<gøyma>> seg der inne. Men det viktigaste er å sørga for at det skjer ting i parken, og me har tilsett ein eigen aktivitetskoordinator, som i den første tida skal sørga for at til dømes skular kan spisa lusjen sin i parken, og at det kan vera teateroppstillingar der inne. Den sosiale kontrollen er det viktigaste førebyggande tiltaket.

Han seier dei også har hatt ein dialog med rusmiljøet om opninga.

– Det er heilt uaktuelt at det skal reetablerast ei russcene der, det er eit kapittel i Bergen si historie som er over. Det har me også snakka med brukarane om i desse tre åra etter stenginga av parken. Me har sagt at det ikkje vil bli tolerert å selja eller injisera stoff der. Eg er trygg på at det ikkje blir ei utfordring når me opnar parken, seier Horn.

Powered by Labrador CMS