Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ved å studere viktige ”augneblinkar” i Midt-Austens utvikling som region kan ein sjå nye løysingar for dagens fastlåste situasjon.
Dette er eitt av utgangspunkta for prosjektet ”Global moments in the Levant” som nyleg fekk 16 millionar i støtte frå grunnforskingsprogrammet Storforsk i Norges Forskningsråd. Professor i sosialantropologi Leif Manger leiar prosjektet der historikarar, arkeologar og sosiologar deltek, forutan sosialantropologar. Prosjektet spring ut av eit langvarig samarbeid om Midt-Austen, der Midt-Austensenteret og Bachelorprogrammet i Midt-Austenkunnskap er viktige element. Kva tyder så global moments? – Global moments, forklarar Manger, er augneblinkar der nye framtider blir skapt. Ein slik augneblink, eller tidspunkt, kan vare i hundrevis av år. Utvikling av jordbruksplantar, framveksten av verdsreligionar, statsdannelsar og andre politiske former er døme på slike ”augneblinkar”. Teoriutvikling blir ein sentral del av Global moments-prosjektet, som vil ha eit metaperspektiv på tre nivå. Ifølgje Manger er det denne type metadiskusjon som er det interessante med prosjektet. Ei rekke forskarar frå Midt-Austen-miljøet ved UiB er med på prosjektet, både frå SV og HF. Der er også forskarar frå Christian Michelsen Institutt (CMI), i tillegg til forskarar frå fleire amerikanske universitet og UiB-studentar. Prosjektet vil verte administrert ved Senter for Utviklingsstudiar.
Fødestove for idéar
– Midt-Austen-senteret har vore møteplass og vogge for mange idéar som vil kunne gjennomførast i dette prosjektet, seier styreleiar for Midt-Austen-senteret, og koordinator for bachelorprogrammet, professor Anders Bjørkelo. Han strekar under at ikkje berre forskinga på Midt-Austen vil bli styrka i og med dette prosjektet, men også undervisninga. Bjørkelo trur ”Global moments” vil gje svære ringverknader fordi den knytter studentane opp til pågåande forsking.
– Studentar er allereie i gang med Palestina og Levanten som tema for bacheloroppgåva og på høgare nivå vil prosjektet vere til støtte for studentar som vil skrive oppgåver innafor prosjektet sine tema, seier Bjørkelo.
Eit vegkryss
Levanten, som primært er namnet på området der Jordan, Libanon, Syria, Israel og Palestina ligg, har til alle tider vore eit ”vegkryss” i ordets breiaste betydning. Her kryssest vegane frå Nildalen, Det indiske havet, Middelhavet og Silkeveien. Det er såleis ikkje tilfeldig at det i ein slik region veks fram slike innovasjonar og nye trendar. Samstundes er dette eit geografiske området som det har vore forska svært mykje på, og i det nye prosjektet vil forskarane lene seg på mykje av denne kunnskapen. Men denne eksisterande kunnskapen skal også lesast kritisk.
– Mykje av det som eksisterer som kunnskap frå dette området er bygd over ein sånn lest at det står under ein viss kritikk. Mellom anna kan ein innvende at ein har sett for lite på enkeltmenneske si skjebne og liv, seier Leif Manger.
Metadiskusjon i fokus
– Det er ikkje detaljane i dei historiske utviklingslinene som er i fokus, men breie komparasjonar i tid og rom. Slike komparasjonar har betydning for teoretisering og tenking i dag. Dagens globalisering er sjølvsagt spesiell, og mange element i den har me ikkje sett før. Men samstundes er der mange element som har vore viktige i tidlegare dømer på ”globalisering”, med reising, med diaspora, med handel og finanskapital, og mange andre faktorar som tidlegare også har forma lokalt liv. Til tross for slik kontakt har ikkje relasjonen mellom gruppene alltid vore konfliktfylt. Ta til dømes den syriske byen Aleppo, der lever folk med ulik religiøs bakgrunn side om side, noko som syner at lokal solidaritet kan vere eit like viktig særtrekk ved regionen, som dagens konflikt.
– No påstår vi at vi er i ein global fase som vi ikkje har sett tidlegare, og det er noko i det. Men samstundes kan eit slikt langt perspektiv også syne alternative måtar å ordne kulturmøter og politiske konfliktar på. Dette betyr ikkje at historien gjentek seg, seier Manger, men at ein kan bruke historien til å lære om alternative måtar å innrette seg på. Noko denne regionen absolutt treng.
Breitt prosjekt
Dekan Vigdis Songe-Møller ved Hf-fakultetet er svært nøgd med at prosjektet fekk støtte.
- Vi har satsa mykje på Midt-Austen-studiet og det er løfterikt når vi kan få studentar heilt frå bachelor-nivå inn i prosjektet. Her kan undervisning og forsking ha ei god synergieffekt på kvarandre, seier Songe-Møller.
Ho legg til at sjølv om dei er uroa over at det er svært mange som ikkje får støtte til prosjekta sine, er det gledeleg at HF har klart seg fantastisk godt i konkurransen. Særleg har historikarar knytta til UiB har gjort det skarpt i
Forskingsråd-samanheng, seier Songe-Møller.