Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Visjonen til Norges forskingsråd er «et samfunn som verdsetter forskningsbasert innsikt - som kilde til berikelse, læring og innovasjon». Då må kommunikasjon og formidling vere ein integrert del av forskinga, meiner Kommunikasjonsdirektør Paal Alme i Forskingsrådet.
Paal Alme vitja Formidlingsavdelinga onsdag 17. september for å møte dei ulike seksjonane ved avdelinga, og for å snakke om formidlinga sin plass i det nye og omorganiserte forskingsrådet og hos forskingsinstitusjonane. Han la fram fleire grunnar til å leggje vekt på forskingsformidling: Han presiserte at Forskingsrådet no forventar at alle bidreg til formidling, og siterte stortingsmelding nr. 39 frå 98/99, der det heiter: «Forskerne må ta sterkere del i den offentlige debatten. Det må være et krav at de forsøker å presentere forskningen og forskningens konsekvenser i et språk som er forståelig for ikke-eksperter […] de må være villige til å diskutere sine resultater og de sosiale og etiske implikasjonene av sin forskning.» Kva som er allmennretta formidling, og i kva grad vitskap kan formidlast, blir jamnleg diskutert. Professor i fransk språk, Kjersti Fløttum, tok opp noko av dette i ein kronikk i BT tysdag 17. september. Dette er også grunnleggjande problemstillingar for arrangørane av Forskingsdagane og liknande arrangement. Mange meiner til dømes det er problematisk å stille sterke formidlingskrav til reine grunnforskingsmiljø, der resultata av forskinga kanskje ikkje viser seg før mange år fram i tid. Det er Paal Alme usamd i. Samstundes har den allmennretta forskingsformidlinga framleis ein lang veg å gå.
– Forskarane får vist kva forskinga har å seie for samfunnet, ein får forklart ressursbruk, ein kan auke det generelle kunnskapsnivået i samfunnet, og sist, men ikkje minst: Det er viktig for å få rekruttert nye forskarar, minte han om.
Dette er spesielt viktig når Norge no for første gong vågar å satse sterkt på elitemiljøa, i form av dei 13 Sentera for framifrå forsking (SFF). Forskingsrådet legg føringar for formidling i sine retningsliner for prosjekt, og i kontrakter og avtaler.
– No må forskaren skrive ein plan for formidling i prosjektsøknaden. Ein viss del av tilskotet skal gå til formidling, og søkjarane gjev ein eigenvurdering av kor mykje som trengst til formidling. Ein må ha tenkt igjennom korleis forskingsprogrammet kan formidlast, og skal ein formidle til dømes gjennom tv, bør ein ha kontakta produsenten på førehand, slik at ein kan fange opp heile prosessen. Eg er oppteken av at ein skal ha dette i bakhovudet heile tida, sa Alme.
«…må ta sterkare del i debatten.»
– I prosjektmidla til SFFane ligg det til dømes pengar til å drive formidling, og dei har krav på seg til å gjere det. Dette er første gong vi verkeleg har satsa stort på eliteforsking, og det er viktig at politikarar og andre får sjå at det har ein effekt. Folk må tenkje at dette var ei fornuftig satsing, dette må vi gjere meir av. Allmennretta forskingsformidling er også viktig for at miljøa skal kunne opparbeide eit rykte som gjer at dei kan trekkje til seg dei beste forskarane og studentane. Når SFFane skal evaluerast, vil dei også bli målt på formidling. Om dei ikkje har levert på dette området, vil dei få problem med vidare løyvingar.
– Alt kan formidlast
– Ein treng ikkje å ha klare resultat for å kunne formidle. Alle prosjekt kan formidlast på eitt eller anna vis. Og dersom vi ikkje greier å skape forståing for investeringane i forsking, vil vi etter kvart tape i konkurransen med eldreomsorg og sjukeheimsplassar.
Forskingsrådet står bak fleire landsdekkjande formidlingstiltak som har vakse fram dei siste åra, slik som Forskning.no og Forskingsdagane. Desse har fått stor gjennomslagskraft.
– Forskning.no er eigd av universiteta og andre forskingsinstitusjonar, og skal vere ein interessevekkjar, ein teaser. Dei som vil vite meir, kan oppsøkje meir informasjon ved å gå djupare ned i materien, anten gjennom lenker i artikkelen eller via nettsidene til institusjonen. Forskingsdagane på si side har vakse enormt frå den første gongen eg var på opninga i Bergen: Då sto det ein bod i silregnet på Torgallmenningen, utan banner og nesten utan folk. I år kjem vi nær 1000 arrangement på landsbasis under Forskingsdagane, og dei bidreg sterkt til å alminneleggjere forskinga, sa Alme, som var imponert over programmet til Forskingsdagane i Bergen.
Mykje står att
– Eg hugsar at eg for ein del år sidan fekk ein telefon frå ein VG-journalist. Ho hadde høyrt a t det var løyvd eit stort beløp til forsking på fluger, og ville vite kva eg meinte om det. Eg ba om å få sjekke saka og ringe henne opp. Det synte seg at ho hadde rett: Det var løyvd mykje pengar til flugeforsking. Dette galdt eit område i Afrika der flugene er smittebærarar av visse sjukdommar. Fekk ein vite meir om desse mekanismane, kunne mykje pengar til helseutgifter bli spart over bistandsbudsjettet. Dette fortalde eg journalisten, og då fall saka. Men etter mi meining er det då det blir interessant! Her fekk vi ein sjanse til å sette forskinga inn i eit globalt og samfunnsmessig perspektiv.
I dag kan Forskingsrådet tilby kurs og hjelp til både journalistar og forskarar som vil drive allmennretta formidling.
– Forskingsformidling til fagfeller skjer meir eller mindre automatisk. Det er den allmennretta formidlinga vi no dessutan må satse meir på, presiserer Alme.