Nytt magasin skal profilere UiB

Publisert

UiB sitt profileringsmagasin Features er no klart for distribusjon til internasjonale målgrupper, sektorkolleger og gjestar ved universitetet.

Bladet er ei modernisering av det tidlegare UiB-magasinet på engelsk, som kom ut ein gong årleg. I tillegg til rein faktainformasjon om universitetet, forsking, utdanning og internasjonalt samarbeid, presenterer bladet glimt frå forskinga.

Artiklane er delvis basert på tips frå fakulteta og delvis bygd på redigerte saker som tidlegare har stått i På Høyden og Hubro. Ein del av stoffet som er produsert vart det ikkje plass til i den trykte utgåva. Dette skal publiserast på nettet. I tillegg skal den trykte utgåve gjerast tilgjengeleg der.

– Mange vil sjå at vi ikkje har kunna gripa fatt i alle idéar, men mange av tipsa vert tekne vidare og vurdert for Hubro, På Høyden og English News, seier redaktør Elin Folgerø Styve.

I Features er det særleg fokusert på sektorar som involverer internasjonalt samarbeid, og sentra for framifrå forsking er gitt spesiell merksemd.

– Vi håpar at tilsette ved UiB som har gjestar, skal på konferansar og lignande, ser nytten av å ta med seg dette magasinet for å gje eit innblikk i kva Universitetet i Bergen har å by på, seier Styve.

Bladet kan bestillast via Profiltorget, eller via epost til features@uib.no. Hugs å oppgi talet på ønska eksemplar i bestillinga. Bladet er gratis.

Powered by Labrador CMS