Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Frå hausten får 40 studentar plass på eit nytt bachelorprogram i pedagogikk. Dermed tilbyr UiB for første gong eit fullt studieløp i pedagogikk.
– På høg tid, seier prosjektkoordinator Astrid Tolo nøgd.
– Eit pedagogikkstudium ved UiB kvalifiserer til å jobbe med læringsprosessar og kommunikasjon i mange samanhengar. Vi vil sjå på kunnskapsutvikling i eit større perspektiv enn noko som berre gjeld utdanningsinstitusjonar, seier universitetslektor Astrid Tolo ved Institutt for utdanning og helse, som er koordinator for bachelorprogrammet. Frå før tilbyr UiB eit IKT-basert og eit vanleg masterstudium i pedagogikk. Pedagogikkstudiet ved UiB legg vekt på å sjå på læringsprosessar frå eit samfunnsperspektiv. I studiet skal studentane lære kva det vil seie å leie ulike lærings- og arbeidsprosessar, fungere som prosessleiarar av teamarbeid, og kva som kan stimulere læring individuelt og i organisasjonar.
– Eitt døme kan vere IT-bransjen, der ein driv mykje med kurs og opplæring, men kanskje ikkje alltid med like god pedagogisk kompetanse. Våre studentar vil kunne gå inn som konsulentar i ein slik prosess.
Kulturavhengig læring
– Læring er ikkje nødvendigvis eit universelt fenomen. Den lokale kulturen er viktig for å forstå korleis læring skjer. Læringsfellesskapet påverkar læring, og det gjer at ein må kunne tenkje nytt om kva læring eigentleg er, seier stipendiat Arne Vines, som også har ei hand på rattet til det nye studietilbodet.
Tolo nemner to nye, store utfordringar som pedagogikkfaget står andsynes: Teknologisk utvikling og det multikulturelle samfunnet.
– Ny teknologi påverkar læringskulturen og måten ein strukturerer undervising og læring på. Kva hjelpemiddel ein brukar, har mykje å seie for læringsutviklinga, og her kan vi trekke vekslar på dei erfaringane vi har frå det IKT-baserte masterprogrammet i pedagogikk. Samstundes ser vi at når samfunnet endrar seg, må ein kunne samhandle med folk frå andre kulturar, med dei utfordringane det inneber. Slike spørsmål blir sentrale i faget, seier ho.
Utdannar aktørar
– Praksis er eit stikkord. Vi utdannar aktørar, som skal kunne gå inn og analysere situasjonen og gjere endringar, seier Tolo.
– Samstundes inneheld faget ein viktig eigenutviklingskomponent, i og med at studentane blir observatørar til sin eigen læringsprosess, legg Vines til.
– Vi vil utnytte dei ulike erfaringane hos studentane. Det tyder at dei må vere viljuge til å medverke i studiet, og dele erfaringane sine med andre. Poenget er at dei skal vere aktive deltakarar i eit praksisfelleskap. Vi vil bruke dei ulike stemmene hjå studentane til å bygge ny kunnskap, seier han.
Bachelorprogrammet vil innehalde relativt lite forelesingar, og tilsvarande mykje seminar, gruppearbeid og rettleiing frå lærarar og medstudentar. Skriveprosessen er sentral, i følgje Tolo.
– Men det viktigaste er at studiet spring ut frå eit miljø som driv god forsking. Pedagogikk er eit vitskapsfag, presiserer ho.