Internasjonal barnehelse er i betring, men i Afrika sør for Sahara og i Asia døyr framleis millionar.

Nytt senter kan redde barn

Publisert

– Vi vil ha fleire barn som overlever, og som lever vidare med god helse, seier Halvor Sommerfelt. Tysdag opna senteret som skal drive framifrå forsking på mødre- og barnehelse.

Centre for Intervention Science in Maternal and Child Health (CISMAC) er det tredje av sentra for framifrå forsking (SFF) UiB fekk ved denne tildelinga, og senteret opna tysdag.

– Vår visjon er å vere eit verdsleiande forskingsmiljø innan intervensjonsstudier om mødre-, nyfødd og barnehelse i land med låge og middels låge inntekter, seier Sommerfelt (biletet).

Måler effekten av tiltaka
Intervensjonsstudier freister å måle verknaden av ulike helsetiltak, for å komme fram til dei mest effektive. I studiane får ofte ei gruppe av pasientar placebo, mens andre får medikamentet ein ønskjer å teste ut. Ofte er det og eit poeng å teste det ut ulike stader i verda for å måle effekten. 

Ikkje uungåelege
Verda har allereie sett ein kraftig nedgang i dødstala for barn: I 1990 døydde 12,6 millionar barn under fem år. I 2012 var talet gått ned til 6,6 millionar.

– Dei fleste dødsfalla kan førebyggjast, og er difor ikkje uungåelege, sier Sommerfelt. 

Samarbeider med Gates
CISMAC samarbeider med ei rekke institusjonar, som forskingsinstitutt i Etiopia, Uganda, Zambia og India. CMI, Folkehelseinstituttet og Bill & Melinda Gates Foundation er andre viktige partnerar for senteret.

Senteret får kring 17,5 millionar kroner frå Forskingsrådet dei neste ti åra, mens UiB bidreg med 14 millionar kroner.

Powered by Labrador CMS