Nytt UiB-magasin: Smertefull veg til forsoning

Publisert

Sanningskommisjonar og rettsoppgjer skal hjelpa tidlegare fiendar til å handtera fortida slik at det blir mogleg å utvikla ei felles framtid. Men kva for strategi er den beste, og er forsoning i heile tatt mogleg? Den nye utgåva av UiB-magasinet som kjem 11. september prøver å gje eit glimt inn i dette fagfeltetet.

Her er nokre av sakene:

Korleis kan ein forstå og hjelpa unge palestinarar til å bearbeida den ramponerte barndomen sin? Psykolog Marit Netland meiner den vestlege psykologien kjem til kort i slike situasjonar, og at tidlegare forsking på barn i krig dessutan kan vera gjort på feil grunnlag.

I denne utgåva av UiB-magasinet kan du også møta Dzemal Sokolovic, som kom til Noreg og UiB som flyktning frå Bosnia i 1994. Til vanleg er han ved Rokkansenteret, men i sommar arrangerte han for femte gong konferanse om demokrati og menneskerettar i multi-etniske samfunn i fødebyen sin Konjic i Bosnia. UiB-magasinet følgde med.

Av andre typar saker i denne utgåva er det mellom anna ein artikkel om det vanskelege tilhøvet mellom forskarar, formidling og forvaltning. Mens forskarane augnar torskekrise, vert kvotane stadig sett for høgt og etter politikarane sin ryggmarksrefleks. Kvifor høyrer ikkje politikarane på havforskarane, og kva for forvaltningsstrategi burde dei eigentleg følgja?

Nytt UiB-magasin på engelsk

2002-utgåva av UiB-magasinet på engelsk kom nyleg ut. Magasinet kan tingast (gratis) frå Informasjonsavdelinga i så mange eksemplar ein ønskjer. Alle institutt, avdelingar og senter skal ha fått tilsendt eit prøveeksemplar. Som i fjor inneheld den engelskspråklege utgåva eit utval av tidlegare publiserte artiklar samt eit par nye. Dette magasinet kan til dømast brukast i samband med konferansar eller andre besøk av utanlandske gjester til universitetet, eller til å ha med seg når ein dreg til utlandet.

Powered by Labrador CMS