Nye odontologen opna i 2012. I samtale med studentutvalet på Mof kom det fram at dei nye lokala har ført til ei betring av arbeidsforholda. (Foto: Dag Hellesund).

Her er trivselen høgast

Den nye rapporten «UiB-student 2013» viser at studentane i stor grad er nøgde med å studere på UiB. Aller høgast er trivselen på Det medisinsk-odontologiske fakultet.

I hovudtrekk viser rapporten at dei fleste studentane ved UiB trivst godt. Over 70 prosent av dei spurde seier at dei trivst godt som studentar ved UiB. Dei rapporterer at dei opplever å lukkast med studia og at læringsmiljøet fungerer. Heile 90 prosent vil anbefale UiB til andre.

– Dette er bra for omdømet vårt. Ingen fakultet har noko å frykte etter denne rapporten, men som institusjon må vi ta grep, sa Oddrun Samdal då rapporten vart lagt fram på møtet i Utdanningsutvalet måndag 16. september.

Nye bygningar gjev høgare trivsel
Det er små skilnader mellom ulike fakultet og studieløp. Men noko betre er trivselen på Det Det medisinsk-odotologiske fakultet (Mof). Studentane rangerer fakultetet sitt som noko betre enn dei øvrige UiB-studentane når det kjem til opplevd faglig og sosial samkjensle, trivsel og fysisk læringsmiljø. 

Studentane ved Mof kan også nyte godt av nye og renoverte bygningar, og kan kvar dag gå på forelesningar, drive lab-arbeid og ha seminar i nye og renoverte bygningar, og rapporten peikar på at dette vert reflektert i den rapporterte trivselen.

I rapporten rapporten «UiB-student 2013» går trivsel, det fysiske læringsmiljøet og sosial og fagleg integrasjon i faget inn under samleomgrepet «Læringsmiljø».

Misnøye med toalett og lesesalar
Men alt er ikkje verdt å anbefale, ifølge respondentane. Hovudfunna viser at misnøya er størst med lesesalplassar, tilgjenge til sosiale soner, samt med reinhald på toaletta.

– Undersøkinga viser at vi må gjere endringar i det fysiske læringsmiljøet ved UiB, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning til På Høyden.

Dei spurde rapporterer at dei ikkje er nøgde med luftkvalitet og temperatur i auditorier, lesesalar og på arbeidsplassar. I alt fortalde 12 prosent av respondentane at dei hadde opplevd fysiske plager som følgje av arbeidsmiljøet ved UiB.

Over halvparten av respondentane frå Det psykologiske fakultetet fortel at dei er misnøgde med studentarbeidsplassane sine. Også studentane ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (mat.nat) meiner dei fysiske fasilitetane ikkje er på topp.

– Studentane etterlyser betre lesesalsplassar og betre toalett. Dette er basale ting som vi vil gjere vårt beste for å få plass. Vi i universitetsleiinga vil gå i dialog med departementet for å skaffe midlar til å oppgradere bygga våre. Samtidig har vi et pågåande samarbeid med Eigendomsavdelinga, seier Oddrun Samdal.

Her er hovudfunna i rapporten:

  • Blant profesjons- og masterstudentane er trivselen høgare enn på lågare grad. Det medisinsk-odontologiske fakultet peikar seg særleg ut, med ein snittverdi på 5,1 av seks oppnåelege poeng.
  • Det psykologiske fakultet ligg på botn av lista, med 4,7 poeng. Tala viser at på Det psykologiske fakultet er det store forskjellar mellom studieløpa, der bachelor- og årsstudiet trekk ned.  
  • Rapporten konkluderer også med at studentane i mindre grad enn tidlegare etterspør lesesalar der det skal vere stille. Bruk av berbare pc-ar og nettbrett er ikkje lydlaust, og studentane ønsker heller fleksible arenaer for sjølvstudium.  
  • Tre fjerdedelar av studentane nyttar biblioteka. Tre fjerdedelar av dei som svarte seier at dei er nøgde med tenestene biblioteket byr på.
  • Over 80 prosent av studentane seier at dei følgjer normert progresjon på programmet sitt. Hovudårsaka til at dei er seinka er det de oppgjev som «personlege grunnar».
  • Over 20 prosent fortel at dei har skifta program i løpet av studiet ved UiB. Endringar i faglege preferansar er den viktigaste grunnen.
  • Over halvparten av studentane som svarte er nøgde eller svært nøgde med undervisningsopplegga og det faglege utbyttet av undervisninga.
  • Studentane rangerer praksis høgast som undervisningsform. Nærmare 40 prosent av studentane ønskjer seg også meir bruk av praksis som vurderingsform.

 

 

«UiB-student 2013» :

  • UiB har 13500 registrerte studentar.
  • Av desse vart 4600 studentar trekte ut til å svare på undersøkinga.
  • Til saman svarte 1940 studentar på undersøkinga.
  • I arbeidet med rapporten vart også fleire studentar ved alle fakultet intervjua. 

Les rapporten «UiB-student 2013»

Heile rapporten «UiB-student 2013» finn du her.

Powered by Labrador CMS