Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Etter fleire veker med oppstartsvanskar er det nye odontologibygget endeleg klart for nye pasientar. Det teknisk svært avanserte bygget har hatt mange feil, som er i ferd med å bli retta.
Planen var å opne bygget midt i august, slik at både studentar og pasientar kunne ta det i bruk, men først dei siste dagane har pasientar fått komme inn i det nye praktbygget.
– Innkøyringa har blitt forseinka gjennom ferien, og vi har prøvedrift fram til 1. oktober. Vi rapporterer heile tida feil og manglar, som til dømes når det ikkje kjem røntgenbilete fram på eit tannlegekontor, eller andre små feil, fortel instituttleiar Anne Nordrehaug Åstrøm.
Oppstarten av studiene har difor blitt litt forseinka for studentane. I snitt reknar Åstrøm med at dei har mista ei veke.
– Men ingen skal komme dårleg ut av det fordi vi er seint i gang. Når ein flytter inn i eit nytt, stort bygg er det vanskeleg i starten. Men no er alle anlegga i drift, og alt IT-utstyret virkar.
Denne veka opnar dessutan Institutt for klinisk odontologi gapet for andre enn pasientar. Torsdag og fredag er det ope hus med utstilling, omvisning og publikumsforedrag om alt du nokon gong har lurt på om tenner. Programmet finn du under.
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen, SV-leiar Audun Lysbakken og helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen fekk sjå då instruktørtannlege Ina Gulowsen Knudsen lot boret gå på ei øvingsdokke under opningen 15. august. Men først no får pasientane slippe til. Foto: Dag Hellesund