Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dei konstituerte direktørane Kirsti Robertsen Aarøen og Tore Tungodden står på søkjarlistene til stillingane som økonomidirektør og assisterande universitetsdirektør. – Dei som er konstituerte, er klar over at det er konkurranse om stillingane, seier HR-direktør Janicke Stople.
Like før påske gjekk søknadsfristen for stillingane som økonomidirektør, forskingsadministrativ direktør og assisterande universitetsdirektør ut. Totalt 30 søkjarar har meldt seg.
– Når ein lyser ut ei stilling, får ein alltid nokre søkjarar som ikkje er aktuelle. Til desse tre stillingane har me ikkje fått veldig mange søkjarar, men fleire som er relevante, seier HR-direktør Janicke Stople.
UiB har nytta bemanningsbyrået Delphi i arbeidet med å finna søkjarar. Verksemda kjem no til å ha den første kontakten med søkjarane, og vil peika på kandidatar dei meiner UiB bør kalla inn til intervju. Universitetsdirektøren jobbar no med å oppretta komitear for dei tre stillingane.
– Det som er klart så langt, er at Anne Lise Fimreite leiar komiteen for assisterande universitetsdirektør, Tine Johannessen leiar komiteen for forskingsadminsitrativ direktør og eg kjem til å leia komiteen for tilsetjinga av økonomidirektør. Eg deltek òg i dei to andre komiteane. Siste medlem i desse komiteane er førebels ikkje kalre, men i økonomidirektørkomiteen har eg med meg Helge Dahle og Frank Arntsen, som er økonomi- og eigedomsdirektør ved NTNU. Me håpar me er i mål med prosessen i løpet av mai, seier Stople.
Gjer ekstra søk
– Kan det koma kandidatar som vert rekruttert direkte, og som ikkje står på søkjarlistene?
– Me har bede Delphi om å hjelpa oss i prosessen. Det betyr at det kan koma andre namn. Og så hender det at nokon ikkje har fått med seg søknadsfristen, men likevel får levera inn ein søknad. Men i utgangspunktet tenkjer eg at me har dei søkjarane me har, seier Stople.
Tore Tungodden er konstituert i stilinga som assisterande universitetsdirektør. Han har søkt den utlyste stillinga. Det same har Kirsti Robertsen Aarøen gjort. Ho vart konstituert då Kjell Bernstrøm vart konstituert, og seinare tilsett som, universitetsdirekør, og står no på lista over dei som ønskjer å verta økonomidirektør.
– Dei som er konstituerte i stillingane i dag, er klare over at det er konkurranse om jobbane. Det er reell konkurranse, seier Stople.
Fleire er ikkje opne
På alle søkjarlistene er det namn som er unnteke offentlegheit.
– Me fekk listene frå Delphi fredag før påske. Eg vil tru at dei som står som unntekne har bede om det, og fått ja. Me kontaktar Delphi for å få sjekka bakgrunnen for unntak, og dersom grunngivinga ikkje er god nok, vil søkjarane verta kontakta, seier Stople.
HR-direktøren seier at ein kan sjå på dei tre listene at det er nedgang i deler av næringslivet, som til dømes oljebransjen. Fleire av stillingane har søkjarar derifrå.
– I samband med å plukka ut kandidatar til første intervjurunde gjer Delphi ein jobb med å gå nøye inn i søknadane og sjå kva type røynsle det er søkjarane har med seg, seier Stople.
– Du kom sjølv frå det private næringslivet. Kva kan UiB lokka med?
– Etter ni veker i denne jobben, ser eg endå tydelegare at UiB er ein utruleg spanande organsiasjon med godt arbeidsmiljø, eit stort mangfald i menneske og oppgåver og med eit viktig samfunnsoppdrag. Det tenkjer eg at me kan verta endå flinkare til å få fram.