Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetsstyret møtast i dag på Uppsala universitet, som gjer det godt på internasjonale rankingar. Mesteparten av arrangementet er hemmeleg, mellom anna diskusjonen om UiB sin strategi frå 2015.
– Vi gler oss stort til å sjå om vi kan lære av noko av Uppsala. Vi får treffe leiinga, og ha ein liten seanse med dei. Uppsala har lukkast på ein del område, så får vi sjå om det er nokre læringspunkt for oss der, sa rektor Dag Rune Olsen før han reiste i går.
I går og i dag har universitetsstyret, nokre tilsette ved kollegiesekretariatet, universitetsdirektøren og hennar næraste medarbeidarar hatt møte i Uppsala. Tre timar av møtet er eit vanleg, ope universitetsstyremøte, mens resten av arrangementet blir omtalt som eit <<lukka styreseminar>>. I den hemmelege delen av turen er det seminar med tittelen <<Om Universitetet i Bergen - status og fremtid>>, omvisning med guide på universitetet, mottaking med rektor og direktør i Uppsala med presentasjon av begge universiteta, og eit seminar med tittelen <<Universitetets strategi fra 2015>>.
På Høyden er ikkje tilstades i Uppsala då vi først blei kjende med reiseopplegget torsdag, men kjem tilbake til innhaldet. Budsjettet for 2014 vil først bli handsama av styret i neste møte.