Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
På Høyden har spurt fire forskarar om å kommentere tildelinga av Holbergprisen til Jürgen Habermas, som vart ”oppdaga” i Noreg på 1960-talet.
Ein av Noregs framste kjennarar av Habermas er professor i sosiologi Ragnvald Kalleberg ved Universitetet i Oslo. Han meiner Habermas er eksepsjonelt brei i si faglege orientering, og ser slik eit slektskap med Ludvig Holberg. Filosofiprofessor Gunnar Skirbekk er svært glad for at Jürgen Habermas har fått prisen. - Habermas har tyda kolossalt mykje for utviklinga av forståinga av demokrati. For meg personleg har hans tankar om tilhøvet mellom kultur og politikk vore viktig. Boka om offentligheita som kom ut i 1971 vart lesen over heile Skandinavia, og sette eit heilt grunnleggande preg på humaniora og samfunnsfag. Han har vore ei stor tverrfagleg inspirasjonskilde, seier professor i medievitskap Jostein Gripsrud. I følgje Sæther Mæhle er Habermas’ demokratiteori om den argumentative rasjonalitet som grunnlag for legitimitet, viktig i diskusjonen om tilhøvet mellom fleirtalsmakt og grunnleggjande rettigheiter.
Kalleberg meiner Habermas framleis er ein svært aktuell teoretikar, sjølv om han no har hatt eit tett tilhøve til Habermas i førti år.
– Første gong eg høyrde om Habermas var frå Hans Skjervheim; ”Og så har eg oppdaga ein tyskar. Han kjem til å bli veldig viktig, men det er ingen som veit om han no”, sa Skjervheim på midten av 1960-talet, fortel Kalleberg. Dette resulterte i at Habermas’ ”Den borgarlege offentlegheit” kom på norsk allereie i 1971, medan den ikkje kom på engelsk før i 1989.
Kalleberg peikar på at Habermas sin aktualitet ikkje minst skuldast den språklege vendinga innanfor samfunnsfaga. For å kunne skildre noko i samfunnet må ein ta fatt i aktørane sine begrep.
– Dette har Habermas grunna svært godt, og hans teoriar har hatt mykje å seie innanfor samfunnsfaga og dei humanistiske faga, seier Kalleberg, som legg til at i den grad Habermas har blitt kritisert har han møtt denne kritikken på ein open og interessert måte – og sånn lært av sine kritikarar.
Kler den eminent
– Han må jo kle den på ein heilt eminent måte. Han dekker alle fagområda; humanistiske fag, samfunnsfag, rettsteori og teologi, så etter mitt syn er det ingen internasjonalt som i den grad har ein profil som passar innunder Holbergprisen, seier Gunnar Skirbekk, som sjølv har vore med å foreslå Habermas til prisen.
Han meiner at Habermas over lang tid har vore premissleverandør innanfor akademia – han har gjort fornyande grep, og har stort tverrfagleg gjennomslag internasjonalt, både i Europa og til dømes Kina.
– Dette er bra både for prisen og bra for UiB, seier ein svært nøgd Gunnar Skirbekk.
Populær i Skandinavia
Jürgen Habermas har gitt eit stort bidrag til den internasjonale rettsteorien, og han har også blitt stadig viktigare i norsk rettsteori, seier Synne Sæther Mæhle som i vår disputerte med ei avhandling der ho nytta Habermas sine teoriar om retten sin legitimitet.
Viktig bidrag til rettsteori
– Habermas meiner at det er viktig at lovvedtak representerer det fleirtalet i den lovgjevande forsamlinga kjem fram til etter ein grundig debatt, men poengterer samtidig at lovene også må ivareta borgarane sine rettigheiter. Han meiner at grunnleggjande rettigheiter ikkje berre kan sjåast som politisk bestemte – dei er og moralsk funderte, seier Sæther Mæhle.
Habermas peikar på at retten sin legitimitet på ei og same tid både avheng av at rettssystemet sikrar slike grunnleggjande rettigheiter og av at rettsbrukarar er lojale mot dei lovene som dei folkevalde har vedtekne. Men dette reiser eit komplisert spørsmål: I kva grad skal domstolane vere offensive i tolkinga og prøvinga av dei lovene som er vedtekne av dei folkevalde?
- I internasjonal rettsteori har det vore diskusjon om korleis ein skal tolke Habermas på dette punktet, seier Synne Sæther Mæhle.