Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I eit lukka møte før sommaren diskuterte universitetsstyret ved UiO korleis dei har handtert prorektor Vartvedt Fjeld sin avgang. Trass skuldingar om både maktarroganse og ulovleg vedtak, ønskjer ikkje styret eit nytt val av rektorat.
Dette var klart då styret ved Universitetet i Oslo (UiO) hadde sitt siste møte i Rosendal før sommarferien, melder avisa Uniforum.
Prorektor Ruth Vartvedt Fjeld vart prorektor ved UiO då ho saman med Ragnhild Hennum og Ole Petter Ottersen vann valet ved UiO i mars 2013. Eit drøyt år seinare meldte Ruth Vatvedt Fjeld at ho går frå vervet som prorektor. Til Uniforum uttalte Fjeld at ho valte å trekke seg etter ein langvarig mangel på arbeidsoppgåver.
Gjenopnar ikkje saka, trass kritikk
På eit møte i universitesstyret 6. mai bestemte styret å fråvike valreglementet sitt krav om nyval på både rektor og prorektor. I ettertid har universitetsstyret sitt vedtak fått skarp kritikk frå fleire hald. Jusprofessor Jan Fridthjof Bernt har karakterisert vedtaket som ugyldig. Jusprofessor Anne Robberstad har erklært vedtaket for ulovleg.
I slutten av juni var styret samla til eit lukka møte ved Baroniet i Rosendal. Her vedtok styret følgjande:
«Universitetsstyret har hatt en ny gjennomgang av saken som omhandler prorektors fratreden ved Universitetet i Oslo, og styret finner ikke grunnlag for å gjenåpne saken eller å fravike valgstyrets innstilling. Styret imøteser den varslede gjennomgangen av valgreglementet ved UiO.»
Rektor Ole Petter Ottersen fann ikkje grunnlag for å erklære seg inhabil i styret si behandling av prorektor-saka.
– Ottersen vil halde på makta
Jusprofessor Anne Robberstad vart ikkje overraska over at vedtaket vart ståande.
– Det synest å herske ein kultur i leiinga av UiO der ein ikkje bryr seg så mykje om kva som er rett og gale. For rektor sin del har nok det viktigaste vore å halde på makta, seier ho til Uniforum.