Jan Petter Hansen og Peter M. Haugan, begge professorar, er usamde om kva og kor mykje petroleumsforsking ein skal ha. UiB og Uni Research tapte nyleg kampen om eit nytt oljesenter, som skulle forska på høgare utvinningsgrad. – Eg ønskjer ingen forskarar noko ille, men eg trur at det faktum at Bergen ikkje fekk dette senteret vil kunne gjera det lettare å omstilla seg raskare til å forska på fornybar energi. Så til sjuande og sist trur eg dette kan vera bra, seier Haugan. Foto: Hilde Kristin Strand

– Bruk av olje har baksider

Publisert

Dei er samde om at ein treng noko petroleumsrealtert forsking, og i at bruk av olje har nokre baksider. Men Peter M. Haugan og Jan Petter Hansen er usamde om mykje anna.

– Me må ha noko petroleumsrelatert forsking, det er bra å ha kompetanse. Men det er to ting eg er kritisk til: forsking som har som formål å finna meir olje – altså leiting, og forsking som har som formål å auka utvinninga, seier Peter M. Haugan.

Han er professor ved geofysisk institutt.

– Fossil energi har tatt oss frå ein primærtilstand til høgteknologiske samfunn, med ei befolkning som no er mellom ni og ti milliardar. Eg synest det er vanskeleg å problematisera forsking med formål å utvinna fossil energi så lenge me som enkeltmenneske er storforbrukarar av det, seier Jan Petter Hansen.

Han er professor ved Institutt for fysikk og teknologi.

– Kan vera grunnar til å ikkje bora i nord
Fredag skal Hansen og Haugan debattera. Forum for vitenskap og demokrati stiller spørsmåla «er det i tråd med dei forskingsetiske retningslinjene at UiB driv med omfattande petroleumsrelatert forsking?» og «er det på tide, og er det praktisk mogleg, å legga om til forsking på alternative energiformer?».

– Eg trur ikkje me er usamde i at bruk av olje har mange baksider. Det kan òg vera mange grunnar til å ikkje bora i nordområda. Ein vil koma i ein situasjon med oljemangel, og då vil prisen stiga. Då kan det vera betre å la oljen ligga, meiner Hansen.

– Det er mange grunnar til å ikkje leita etter olje i nord, seier Haugan.

– Eit argument er at oljen kan verta mindre verd. Me veit ikkje når etterspurnaden når toppen. Det betyr at å leite etter olje og bygga ut for oljeproduksjon i nord kan vera ei dårleg investering – fordi oljen vil verta dyr å utvinna.

– Oljeutvinning i nord er ei sak der politikarane er usamde, og ei sak der ein ikkje har fatta noko endeleg politisk vedtak. Kan forskarar vera nøytrale ekspertar i slike saker?

– Nei, det kan me ikkje. Men me kan seia kva me meiner, seier Haugan.

Han meiner at ein av dei viktigaste føresetnadane for demokratiet er eit opplyst folk, og at dette skjer gjennom ein balanse av verdivurdering og kunnskap.

Usamde om Statoil-avtalen
Hansen og Haugan har debattert UiB sin Statoil-avtale, mellom anna i På Høyden sine spaltar. Den såkalla Akademia-avtalen gir UiB åtte millionar årleg. I avtalen heiter det at formålet er stimulera til forsking og utdanning innan fag- og kompetanseområde som er viktige for både UiB og Statoil. Prosjekta innan satsingsområda skal ha relevans til Statoil si verksemd på norsk sokkel.

– Me er usamde om statoilpengane, seier Hansen.

– Peter vil at pengane skal brukast til forsking på fornybar energi. Eg ville heller hatt eit system der pengar frå private i større grad går til all grunnleggande universitetsforsking, ikkje minst til naturvitskapeleg forsking generelt.

– Eg har ikkje motførestellingar mot det, svarer Haugan.

– Men det heiter i dag at det skal vera tema som er relevante for Statoil.

Han meiner at ein må forska meir på bruk av energikjelder som kan fornyast, altså vind, vatn, sol og jordvarme, og er kritisk til det han kallar førestellinga om at Europa treng norsk gass.

– Kvifor skal me bruka desse Statoil-pengane til noko så kortsiktig? Det er mange andre land som har olje, så kvifor er det akkurat me som skal henta ut alt me har? Det er naivt å tru at me kan redda verda med norsk olje.

– Men ein må ikkje tru at me kan redda verda med vindmøller heller. Truleg kan me ikkje redda verda i det heile, seier Hansen.

Han seier at Noreg har brukt over halvparten av oljen som finst på norsk sokkel.

– I kva grad skal me gå over til fornybar energi? Eller skal den fossile alderen halda fram? Fossil energi er effektiv – og kol kan mellom anna brukast på nye måtar.

Leita – eller ikkje leita?
I valkampen gjekk Miljøpartiet De Grønne inn for at ein må tola ein nedgang i velstanden for å redda klimaet.

– Kva vil det seia for velstanden vår dersom me ikkje lenger nyttar olje?

– Dersom ein går inn for nye energiformer vil det kosta mykje ein periode, seier Haugan.

– Men samtidig er det ikkje slik at all teknologiekspertisen vår er knytt til olje, mykje er mellom anna subsea-verksemd. Det er heller ikkje slik at me døyr dersom me ikkje skyt meir seismikk i Barentshavet. Når ein snakkar om velstanden vår, snakkar ein om at den skal tredoblast.

Hansen meiner at det er greitt å leita etter olje og gass, slik at ein veit kva ressursar ein har.

– Men når me veit kva me har, kan det vera gode grunnar til å la noko at det ligga.

Han viser til at det ikkje spelar noko stor rolle for nordmenn om velstanden vår aukar endå meir. Men det som skjer, er at milliardar av menneske ønskjer å leva på same måte som dei rike landa i vest, og det fører til at dei har eit stadig aukande energiforbruk.

– Me veit at energiforbruket i verda vil gå opp. Spørsmålet er på kva måte det vil skje, seier Hansen.

Miljøvennleg kjernekraft
Haugan meiner ein bør forska meir på på kva måte ein kan utnytta fornybare energiformer.

– Men det finst ei fornybar energikjelde til, seier Hansen:

– Kjernekraft. Miljøvennleg utvinning av kjernekraft. Det finst tre former for kjernekraft, og dersom ein utnyttar det, vil ein kunne ha effektiv energiproduksjon svært lenge.

– Eg er samd i at det er vel verd å driva forsking på dette. Men førebels veit ein for lite – og for lite til at dette kan vera ei politisk sak, seier Haugan.

– De er professorar, frå same fakultet. Er det greitt at de er såpass usamde?

– I slike kompliserte saker meiner eg at det er greitt, seier Haugan.

– Det hadde vore verre om me ikkje var samde i om jorda var flat eller ikkje, humrar Hansen, og legg til:

– Det er viktig med ein debatt om energi.

Powered by Labrador CMS