Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Olje- og energiminister Ola Borten Moe argumenterer for at olje og gass frå Noreg vil vere viktig for å få ned klimautsleppa. UiB-studentar møtte han med protestar om at han er ambisjonlaus.
– Vi snakkar mykje av innsatsen og resultata våre ned, meiner Borten Moe, som i dag er i Hordaland på ulike energiarrangement.
I dag tidleg heldt han foredrag for eit meir enn fullsett auditorium i Realfagsbygget.
– Det har vore det høgste målet for denne regjeringa at vi skal bidra til ein internasjonal klimaavtale. Noreg skal vere fullstendig klimanøytralt i år 2050.
Blir glad av energibruk
Og Borten Moe legg ikkje skjul på at han er positiv til fornybar energi, enten det er hengande kablar i Hardanger eller vindmøller på Fosen.
– 1,3 milliardar menneske har ikkje tilgang til straum i dag. Det er noko vi ikkje tek innover oss så ofte i Noreg, der dei fleste har hatt straum i fleire generasjonar. Men når eg les at energiforbruket i verda er på veg opp, blir eg glad. Det er eit teikn på at fattige har fått det betre. I Kina har dei til dømes gjennomført ei reise som har løfta fleire hundre millionar kinesarar ut av fattigdomen, seier Borten Moe.
Han ser uansett ikkje for seg at å stengje den norske kontinentalsokkelen eller nekte folk i den tredje verda tilgang til straum er levelege alternativ.
– Nitrist er ikkje berekraftig.
Verdas største
Han trur norsk olje og gass vil vere ein viktig del av løysinga for klimaet framover, ved at produkta kan erstatte kolkraft, som slepp ut mykje meir CO2 per produsert kilowattime.
– Og vi skal investere meir enn 200 milliardar i vindmøller, turbinar og kablar innan år 2020. På Fosen har vi gitt konsesjon til verdas største vindmøllepark, som kan forsyne nær 200 000 husstandar med kraft.
– Ambisjonslaus
Blant studentane var det mange skeptikarar til den olja bodskapen til ministeren for kontinentalsokkelen. Men Borten Moe ville ikkje vedgå at regjeringa var fullstendig ambisjonslaus når det gjeld fornybar energi. Han var heller ikkje samd i framlegget om at Noreg like godt kunne gi frå seg oljeinntektene til land i den tredje verda. Han peiker på at vi må bruke dei billegaste løysingane for å få ned CO2-utsleppa først.
– No er det ein del med pengar og ein frå Bellona som har fått seg nye el-bilar. Eg synest det er hyggeleg at dei har fine bilar, delvis finansiert av oss. Men forbetringane i bensin- og dieselmotorar som gjer at bilar brukar mykje mindre drivstoff har uendeleg mykje meir å seie for klimaet, meiner Borten Moe.
Forskinga fri nok
– Du tør å komme til UiB like etter at du har plassert senteret for auka oljeutvinning i Stavanger?
– Jada, eg presenterte det jo i Trondheim, seier Borte Moe til På Høyden.
– Nokre meiner at det er for normativt å lage eit senter som har som mål å auke utvinninga?
– Det er vi som har avgjort at senteret skal ha som mål å sørge for auka oljeutvinning. Og så er det Forskingsrådet som skal administrere ordninga. Om andre vil gjere noko anna må dei stille til val.
– Men bør forskinga på desse temaa generelt bli friare?
– Det er ikkje slik at det ikkje finst midlar til grunnforsking i Noreg. Eg opplever at det er ein stor grad av fridom knytt til forskingsmidlar her i landet.