Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Tre studentar knytte til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (LLE) har omkome i fallulukker dei fire siste åra.
Fredag blei det halde eit informasjonsmøte om den siste ulukka: Litteraturstudenten Ommund Veim Eikje (22) (biletet) blei torsdag funnen omkomen ved det gamle fengselet, som ligg ved foten av ei klippe sentralt i Avignon. Det er eit 25 meter høgt stup over der han blei funnen, melder francebleu.fr.
– Vi fekk varselet for ganske nøyaktig ei veke sidan, fortel instituttleiar Johan Myking.
– Alt tydar på at det har vore ei fallulukke, ganske enkelt, seier Myking.
Studentar som ønskjer det kan få hjelp frå Studentenes psykiske helseteneste, studentrådgivinga eller studentprestane i Bergen, i tillegg til at dei kan snakke med tilsette på LLE. Tilsette som ønskjer det kan få oppfølging av HR-avdelinga.
– Ver saman og trøyst kvarandre! Ingen ord kan ta bort sorgen. Det einaste vi kan gjere no er å ta vare på kvarandre, seier psykolog Tone Bergan frå HR-avdelinga.
Det vil bli lagt ut ein kondolanseprotokoll i 4. etasje på LLE mandag. I samråd med familien vil det og bli arrangert ei minnestund der alle er velkomne i neste veke.
For instituttleiar Myking er det ekstra tungt med eit tredje dødsfall med ein ung student.
– Dette har gått sterkt inn på dei tilsette på LLE òg, seier han.
Eikje var ein student som prega studentmiljøet i Bergen. Han har mellom anna vore leiar for fagutvalet på litteraturvitskap, og møtt i instituttrådet.
– Eikje var ein veldig aktiv og velfungerande student, men mange vener, fortel Myking.
Hausten 2014 omkom ein tysk UiB-student då han fall ned ei fjellside i Nærøyfjorden.
Hausten 2015 fall den australske studenten Kristi Kafcaloudis ned frå Trolltunga, og omkom.
På grunn av slike ulukker får utvekslingsstudentar som kjem til Bergen meir informasjon om farene i norsk natur.