Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Teljekantmodellen for norske forskingsinstitusjonar skal evaluerast. Det stadfestar seniorrådgjevar Sigrid Tollefsen i Universitets- og høgskulerådet overfor Uniforum.
I 2006 blei teljekantmodellen for første gong lagd inn i budsjetta til norske forskingsinstitusjonar. Allereie i 2004 la Universitetet i Oslo på eige initiativ inn ein publiseringspott i sitt budsjett. Modellen er ein publiseringsindikator som gir eit oversyn over kor mange vitskaplege artiklar frå ein institusjon som er publiserte i forskingstidsskrift på høgaste nivå (nivå 2) eller lågare nivå (nivå 1). Det gir tre gonger så mange poeng å få ein artikkel med i eit nivå 2-tidsskrift som i eit som tilhøyrer nivå 1.
På nivå 2 finst tidsskrift som til dømes Nature og Science, medan mindre kjende tidsskrift og norskspråklege tidsskrift i hovudsak er lagde til nivå 1. Kvar institusjon får den delen av publiseringspotten som den skal ha på grunnlag av kor mange vitskaplege artiklar dei har med i desse forskingstidsskrifta. Alle data er samla i Norsk vitskapsindeks, som no er ein del av forskingsresultatmodulen til forskingspublikasjonssystemet Cristin. Publiseringspotten er konstant Skal evaluerast – Universitets- og høgskulerådet har fått tildelt ei løyving frå Kunnskapsdepartementet som gjer det mogleg å få realisert dette, seier Tollefsen til Uniforum. Evalueringa skal ikkje berre omfatta sjølve publiseringsindikatoren, men vil også vurdera bruken av indikatoren i andre samanhengar enn budsjettfordeling. – Spørsmålet om habilitet vil vera viktig for UHR, og ettersom Nordisk institutt for studiar av forsking, innovasjon og utdanning (NIFU) har hatt ei så sentral rolle i utviklinga av publiseringsindikatoren, vil NIFU ikkje kunne utføra evalueringa, konstaterer ho. Bra med evaluering – Det bør eigentleg evaluerast av eit fagmiljø utanfor Noreg, sidan alle forskingsinstitusjonar i Noreg deltar i teljekantsystemet, sa han på eit debattmøte om teljekantar på Blindern denne veka. Professor i molekylærbiologi, Kristian Gundersen, var mannen som lanserte omgrepet «Forskning med tellekanter», då han leidde utgreiingsarbeidet på UiO i byrjinga av 2000-talet. Også han synest det er bra at systemet no skal under lupa. – Ja, det er klart. Det som er viktig, er at det ikkje blir ideologisk bestemt kva selskap som skal få oppdraget med å evaluera systemet, sa Gundersen i debatten som var i regi av Akademisk forum på UiO. Ynskjer berre eitt publiseringsnivå – Det beste hadde vore berre å ha eitt felles oversyn over alle vitskaplege artiklar som blir publiserte av forskarar på institusjonen. Alle dei andre opplysningane me treng, kan me få ved å gå inn på forskingsdokumentasjonsbasen Cristin, meinte Østerud. Alle dei tre debattantane var einige i at det var feil å bruka teljekantsystemet på individnivå. – Det er i strid med føresetnadene. Meininga var å visa kor stor forskingsaktiviteten er på kvar einskild institusjon og samanlikna dei med kvarandre, slo Østerud fast. Fakta om teljekantmodellen: Innført: for alle i 2006, medan UiO gjorde det i 2004 Grunnlaget er Norsk vitskapsindeks, som har eit oversyn over publiseringane til norske forskarar i internasjonale og nasjonale tidsskrift fordelt på nivå 2 (best) og nivå 1 (alle andre). I dag er den ein del av forskingsresultatmodulen til forskingspublikasjonssystemet Cristin. Fordeling i 2011: Foto: iStockphoto
Medan talet på publiserte, vitskaplege artiklar har auka, har ikkje pengetilførselen til publiseringspotten i statsbudsjettet auka tilsvarande. Difor blir det gjennomsnittleg mindre pengar på kvar institusjon enn tidlegare. Det har heile tida vore debatt om grunnlaget for teljekantsystemet. Mange meiner at systemet er mest til fordel for forskarar på dei naturvitskaplege, medisinske og teknologiske fakulteta, medan dei som arbeider med humaniora, samfunnsfag, teologi og jus synest dei har mindre å henta frå dette systemet. Etter deira meining blir ikkje publisering av monografiar eller bøker verdsett i like stor grad som vitskaplege artiklar.
Universitets- og høgskulerådet har tatt initiativ til å få sett i gang ei evaluering av publiseringsindikatoren. Seniorrådgjevar Sigrid Tollefsen reknar med at tilbodsgrunnlaget skal vera klart til utsending etter nyttår.
NIFU-forskar Gunnar Sivertsen er einig i det.
På det same møtet gjorde professor i statsvitskap, Øyvind Østerud det klart at han var ueinig i å dela publiseringa inn i to ulike nivå.
Teljekantmodellen = publiseringsmodulen i budsjetta til forskingsinstitusjonane
UiOs del: Frå 2010 til 2011 har UiO auka publiseringa frå 1,13 til 1,27 publikasjonspoeng per vitskapleg årsverk. Til saman fekk UiO 4038 publiseringspoeng i 2011. Det blir til saman over 129 millionar kroner. NTNU fekk 2796 publiseringspoeng og fekk rundt 89,3 millionar kroner og gjorde det nest best av forskingsinstitusjonane.