Ønskjer digitale rollemodellar

Publisert

– Me som ikkje nyttar digitale hjelpemiddel er ein utdøyande rase, meiner Gottfried Greve. Dei to rektorlaga er samde om at meir må digitaliserast. Men dei vil ikkje tvinga nokon.

– Kva betyr det i praksis at ein vil digitalisera, var ei av utfordringane dei to rektorlaga fekk då dei debatterte fredag.

– Me treng ein digitaliseringsstrategi, svarte Jill Walker Rettberg, som er kandidat til vervet som viserektor for internasjonale relasjonar hos Team Atakan.

– Me må ha system som fungerer, og det må mellom anna vera slik at studentane slepp å logga inn fem ulike stader. Vidare må me legga til rette for både ei kompetanseheving og gi teknisk støtte til dei som ønskjer og treng det. Dersom nokon ønskjer å ta videoopptak av førelesinga si, skal det ikkje vera vanskeleg.

– Digitalisering er eit verktøy, og det må brukast på faga sine premiss, sa Oddrun Samdal, som er kandidat som viserektor for utdanning hos Team Olsen.

– Ein kan til dømes bruka film eller lydfiler i kollokviegrupper, la ho til.

– Meir enn podcast
Begge rektorlaga seier noko om digitalisering i valprogramma sine. Team Atakan vil ha auka kompetanse, brukarvennlege system og dei vil laga ein handlingsplan. Team Olsen vil bruka digitale verktøy til å fremja interaktive læringsprosessar, motivera undervisarar til å ta i bruk digitale verktøy og ta i bruk og vidareutvikla digitale plattformer for innlevering av og respons på oppgåver og rapportar.

Men kandidatane vil ikkje tvinga nokon.

– Ein skal ikkje pålegga nokon å legga ut stoffet sitt digitalt, sa rektorkandidat Dag Rune Olsen.

Motkandidat Kuvvet Atakan er oppteken av at digitalisering ikkje berre betyr podcast.

– Digitalisering kan nyttast til å bringa forsking og utdanning tettare saman. Mange data kjem aldri ut av forskarane sine kontor. Tenk om dei var tilgjengelege, til dømes slik at dei kunne brukast til studentaktiv forsking, sa han.

– Ikkje farleg
Gottfried Greve, som er kandidat som viserektor for utdanning hos Team Atakan, fortalde korleis sonen hans som åtteåring slo opp på YouTube for å finna ut korleis ein kan laga sushi.

– Den digitale røyndommen er her, og me som ikkje brukar han er ein utdøyande rase. Sjølv er eg ikkje så veldig flink. Me som ikkje er så flinke, må kunne få hjelp. Men mange av oss må òg verta meir opne. Dette er ikkje noko farleg – det er kjempegøy, sa Greve.

Dag Rune Olsen var òg oppteken av dei som synest digitalisering er nytt og skummelt.

– Ein del av dei som underviser synest dette er vanskeleg. Me må ha opplegg som kan straumlinjeformast, og me må ha eit støtteapparat og eit godt opplæringsapparat. Me må òg ha rollemodellar, og me bør diskutera om det skal vera ei form for belønning, sa Olsen.

Vigdis Broch-Due prorektorkandidat hos Team Atakan, åtvara om at å få alle over til ei digital verd kan ta tid.

– Dersom dette skal verta vellukka må ein ville det sjølv. Det kan ta tid før alle vil. Det er heller ikkje alt som er eigna til podcasting. Podcast er dessutan mest for dei som allereie har vore til stades, og for repetering, det er ikkje slik at podcasting skal erstatta førelesingar, sa Broch-Due.

Ho meiner at ein ikkje må tenkja på digitalisering som eit stort problem.

– Men lat oss heller ikkje gløyma bøkene. Det er ikkje slik at alle ressursar skal brukast på det digitale – me skal òg utvida boksamlingane, la ho til.

 

 

Powered by Labrador CMS